Andeskondor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andeskondor

Status i verda: NT Nær truga

Andeskondor i Colca canyon.
Andeskondor i Colca canyon.

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Familie: Cathartidae
Slekt: Vultur
Art: V. gryphus
Vitskapleg namn
Vultur gryphus

Andeskondoren (Vultur gryphus) er største fuglearten i familien kondorar, Cathartidae. Han er ein av dei største av fugleartane som kan flyge, og har det største vingespennet (3,2 m) av alle landlevande fuglar.

Andeskondor i dyrehage i Frankrike.

Artsskildring[endre | endre wikiteksten]

Andeskondoren kan oppnå ei vekt på 12 kilogram. Kroppslengda kan nå 110 centimeter og vengespennet 3,20 meter og med det ei vengeflate som gjev stor oppdrift; fuglen kan stige opp til 7000 moh. Han er gjennomgåande svart med kvit felt på oversida og ein vid kvit halskrage. Hovud og hals er ikkje fjørkledd, og er raudleg i farga. I motsetnad til kaliforniakondoren (Gymnogyps californianus) har hannfuglen av andeskondoren ein kjøttliknande kam på hovudet. Hannen har grå augo, hoa har raude.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Hoa legg berre eit egg i kullet. Det legg ho rett på bakken på ei hylle eller i ei hole i fjellet. Paret forplantar seg berre kvart andre år, normalt. Det gjev ein låg reproduksjonsrate. Begge foreldra tar ansvar for ruginga. Rugetida kan ta 54–65 døger. Ungen er flygedyktig først etter 6 månader. Ungfuglen har ein brun fjørdrakt, og oppnår svartkvitdrakta etter opp mot 8 år.

Utbreiingskart.

Utbreiing og levevis[endre | endre wikiteksten]

Leveområdet for andeskondoren ligg i fjellandskap langs Andes frå Patagonia i sør til Colombia i nord. Fuglen treng oppstigande luftstraumar lang fjellsider til å vinne høgd. Han kan òg gå korte strekningar til fots. Det er kjent at kondoren har levd i over 75 år i fangenskap.

Vern[endre | endre wikiteksten]

Kondoren er ein nær truga art. Det har vore gjort freistnad på å gjeninnføre arten i område i Colombia og Venezuela og det finst tidlege rapportar på at det har lukkast.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Andeskondoren er eit nasjonalsymbol for Colombia, Ecuador, Bolivia og Chile, der han er avbilda på våpenskjoldet og rekna som nasjonalfugl og i nokre høve også nasjonaldyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Andeskondor
Andeskondor
Namn på andre språk
Svensk Kondor
Dansk Andeskondor
Engelsk Andean Condor
Tysk Andenkondor
Fransk Condor des Andes
Spansk Cóndor andino, cóndor de los Andes
Russisk Andskij kondor (Андский кондор)