Kongeørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kongeørn

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Kongeørn
kongeørn

Systematikk
Klasse: Fuglar
Orden: Accipitriformes
Familie: Accipitridae
Vitskapleg namn
Aquila chrysaetos
Kongeørn
Namn på andre språk
Nordsamisk Goaskin
Svensk Kungsörn
Dansk Kongeørn
Engelsk Golden Eagle
Tysk Steinadler
Fransk Aigle royal
Spansk Águila real, águila caudal
Russisk Berkut (Беркут)

Kongeørn (Aquila chrysaetos) er den nest største fuglen i Noreg. Vekta er på 3–6 kg, og ho har eit vengespenn på opp til 225 cm. Reiret ligg som regel utilgjengeleg til under eit overheng i ein stupbratt fjellvegg.

Kongeørn i fangenskap.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Den vaksne kongeørna er mørkebrun med gyllengul isse og nakke og er utfarga etter om lag sju år. Kongeørna er forplantningsdyktig etter fem–seks år, og paret held saman i livslangt «ekteskap». Ungfuglen har lyse felt både på under- og oversida av vengene. Det er vanleg at folk forvekslar kongeørna med den mykje mindre fjellvåken, som har lysare venger med ein karakteristisk mørk flekk under vengeknoken.

Utbreiinga til kongeørna og underartane, lys grøn = hekkeområde, blå = overvintringsområde, mørk grøn = oppheld seg i området heile året

Utbreiing og levevis[endre | endre wikiteksten]

Kongeørna er utbreidd i Europa, Asia, Nord-Afrika og Nord-Amerika.

Kongeørnreir
Foto: Svein Jan Hjelmeset)

Kongeørna er revirtru og nyttar same reiret år etter år. Enkelte år kan ho stå over hekkinga. Andre år kan ho nytte reservereiret som ho har ein annan stad. Havørna og hønsehauken kan òg ha reservereir. Reiret legg ho helst på ei hylle med overheng i ein bratt fjellvegg, eller i toppen av ei stor furu eller gran.

Rovfuglane startar ruginga når fyrste egget er lagt. Andre egget legg dei to eller tre dagar seinare. Det vert såleis aldersforskjell på ungane, og berre den som ser på dei vaksne når dei kjem med mat, får servering. Den minste blir kua av den største, og svelt som regel i hel. På denne måten veks det som regel opp ein unge i kvart reir. Rugeperioden varer i 40–45 dagar, og ungen vert i reiret i 70–80 dagar.

Freding[endre | endre wikiteksten]

I 1846 vart det innført skotpremie på kongeørna i Noreg, og bestanden gjekk kraftig tilbake. Fyrst i 1968 vart kongeørna freda, og i dag er bestanden stabil. I 2008 rekna ein med at det hekka mellom 1200 og 1450 par i Noreg.

Arten var oppført på norsk raudliste 2006 over artar som nær trua, men på raudlista frå 2010 vart kongeørna ikkje lenger rekna som trua..

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kongeørn