Kongedømet Sicilia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Regnu di Sicilia
Kongedømet Sicilia
Blank.png
11301282 Flag of the Kingdom of the Two Sicilies 1816.gif
 
Flag of the Kingdom of Naples.svg

Flagget til Sicilia

Flagg

Plasseringa til Sicilia
Kongedømet Sicilia då grunnleggjaren Roger II av Sicilia døydde i 1154. Grensene var i praksis uendra i 700 år.
Hovudstad Palermo
Religion Romersk-katolsk
Styreform Monarki
Konge
 - 1130-1154 Roger II
 - 1759-1816 Ferdinand III
Historie
 - Oppretta 1130
 - Delt i to 1282
 - Oppheva 1816
Før den normanniske erobringa. Sicilia var under islamsk styre. Merk at sør er øvst på kartet.

Kongedømet Sicilia (latin Regnum Siciliae eller Sicilie; italiensk Regno di Sicilia, ofte korta ned til Regno) var ein stat i det som i dag er Italia. Det vart grunnlagd av Roger II i 1130 og varte fram til 1816. Kongedømet Sicilia dekte ikkje berre øya Sicilia, men òg heile Mezzogiorno-regionen i Sør-Italia, og fram til 1530 òg øyane Malta og Gozo. Det vart stundom kalla regnum Apuliae et Siciliae fram til 1282, då kongedømet vart delt i to. Frå den tida vart områda på fastlandet berre kalla Kongedømet Napoli. Etter 1302 vart det stundom kalla Kongedømet Trinacria. Ofte var kongedømet under ein anna monark, slik som kongen av Aragón, kongen av Spania eller Den tysk-romerske keisaren. I 1816 vart Kongedømet Sicilia slått saman med Kongedømet Napoli igjen og Kongedømet Begge Siciliar vart oppretta.

Det normanniske kongedømet[endre | endre wikiteksten]

Vilhelm II av Puglia døydde i 1127 vart hertugdømet Puglia og Grevskapet Sicilia slått saman under eit rike av Roger II av Sicilia, ein av dei største kongane i mellomalderen. Han trudde at kongar hadde styrt Palermo i antikken og kasta seg inn til støtte for motpave Anacletus II og vart tilbørleg innsett som Konge av Sicilia juledag i 1130.

Roger nytta det meste av tiåret til kroninga si og til slutt rettsmøtene i Ariano. Han avverga eit par invasjonsforsøk og roa ned opprør hos dei fremste vasallane sine Grimoald av Bari, Robert av Capua, Ranulf av Alife, Sergius av Napoli og andre. I 1139 respekterte den verkelege paven Roger med Mignanotraktaten. Det var gjennom admiralen sin, Georg av Antiokia at Roger erobra Mahdia i Afrika (Ifriqiya), og så uoffisielt tok tittelen «Konge av Afrika». Samstundes gjekk den mektige flåten til Roger til åtak på Austromarriket og gjorde Sicilia til den mektigaste sjømakta i Middelhavet i nesten eitt hundreår.

Roger sin son og etterfølgjar var Vilhelm den ondre, som stort sett fekk kallenamnet sitt av krønikeskrivarar som støtta baronopprøra som Vilhelm slo ned. Regjeringstida hans enda med fred (1166), men sonen hans Vilhelm II var mindreårig. Fram til regjeringstida til guten tok slutt i 1172 førte uro i kongedømet til at familien nesten vart styrta, sjølv om perioden under Vilhelm II vert rekna som ein lang periode med fred og velstand. På grunn av dette fekk han kalle nament «den gode». Då han døydde utan arvingar i 1189 vart det kaotiske tilstandar i riket.

Tancred av Lecce tok trona, men måtte kjempe mot opprøra til det fjerne søskenbornet Roger av Andria og invasjonen til Henrik VI av Det tysk-romerske riket på vegne av kona si, Konstanse, dottera til Roger II. Konstanse og Henrik sigra til slutt og kongedømet fall i 1194 til Hohenstaufen-dynastiet. Gjennom Konstanse vart likevel Hautevilleblodet ført vidare til den store Fredrik II av Det tysk-romerske riket.

Kongedømet under Hohenstaufen[endre | endre wikiteksten]

Då Fredrik, som òg vart keisar i Det tysk-romerske riket, i 1197 vart konge påverka dette raskt framtida til Sicilia. Med eit land som var vand med ein sentralisert kongeleg autoritet, førte den unge alderen til kongen til eit alvorleg maktvakuum. Onkelen hans Filip av Schwaben flytta til Sicilia for å sikre Fredrik si arv ved å peike ut Markward von Anweiler, markgreve av Ancona, til regent i 1198. Samstundes hadde pave Innocent III gjeninnsett pavestyre på Sicilia, men respekterte likevel Fredrik sine rettar. Paven såg at pavemakta gradvis forsvann dei neste tiåra og var usikker og var usikker på kva vegval han skulle ta ved fleire høve.

Hohenstaufen hadde derimot ikkje eit fast grep om makta. Walter III av Brienne hadde gifta seg med dottera til Tancred og kom sørover i 1201 for å krevje kongedømet. I 1202 vart ein hær ført av kanslar Walter av Palearia og Dipold av Vohburg slått av Walter. Markward mista livet og Fredrik kom under Vilhelm av Capparone sin kontroll, ein alliert av Pisa. Dipold haldt fram krigen mot Walter på fastlandet fram til Walter døydde i 1205. Dipold klarte til slutt å få kontrollen over Fredrik frå Capparone i 1206 og gav han vidare til formyndarskapet til kanslaren, Walter av Palearia. Walter og Dipold kom så på kant med kvarandre og sistnemnde erobra kongepalasset, der han vart omleira og tatt til fange av Walter i 1207. Etter eit tiår roa kampane om regentskapet og trona seg av seg sjølv.

Fredrik bygde vidare på lovene som hadde starta med rettsmøta i Ariano i 1140 av bestefaren Roger II. Han viste retninga han skulle ta alt i rettsmøta i Capua(1220), men dei kom først fullt ut til syne med kunngjeringa av Melfigrunnlovene (1231, òg kalla Liber Augustalis), ei samling av lover for riket sitt som var merknadsverdige for si tid og som vart nytta som inspirasjon i lang tid etter. Dei gjorde Kongedømet Sicilia til eit eineveldig monarki, den første sentraliserte staten i Europa som kom til syne frå føydalismen. Dei skapte òg presedens for korleis lovene vart skrive i tida etter. Med relativt små endringar, vart Liber Augustalis grunnlaget for sicilianske lover fram til 1819.

I denne perioden bygde han Castel del Monte og i 1224 oppretta han Universitetet i Napoli, i dag kalla Università Federico II. Det var det einaste littære akademiet i Sør-Italia i mange hundreår.

Fredrik II sin arving på Sicilia var den uekte sonen Manfred, som styrte kongedømet i femten år medan andre Hohenstaufen-arvingar var opptatt i Tyskland. Hohenstaufen-styret på Sicilia enda i 1266 etter at Angevin invaderte øya og Konradin, den siste mannlege arvingen i Hohenstaufen, døydde 1268.

Kongedømet under Angevin og Aragon[endre | endre wikiteksten]

Våpenskjolder til dei aragonsiske kongane på Sicilia.

Konfliktar mellom Hohenstaufen-familien og pavedømet førte i 1266 til at Karl I, hertug av Anjou, kunne erobre Sicilia. Motsand mot det franske styre og dei harde skattane førte i 1282 til den sicilianske aftansongen og invasjonen til kong Peter III av Aragon. Den påfølgjande aftansong-krigen varte til freden i Caltabellotta i 1302.

Freden delte det gamle kongedømet Sicilia i to. Øya Sicila vart frå no kalla «Kongedømet Sicilia bortanfor fyret» eller Kongedømet Trinacria, og gjekk til Frederick III, som hadde styrt her. Området på det italienske fastlandet vart kalla Kongedømet Sicilia medan det eksisterte, men av dagens historikarar vert det kalla Kongedømet Napoli. Det gjekk til Karl II, som styrte her frå før. Freden var dermed ein formell godkjenning av ein uroleg status quo.

Sicilia vart styrt som eit sjølvstendig kongedømet av slektningar til kongane av Aragon fram til 1409 og vart så vidare ein del av Krona av Aragon. Kongedømet Napoli vart styrt av angevinane fram til dei to tronene vart tvunge saman av Alfonso V av Aragon, som omleira og erobra Napli 26. februar 1443. Alfonso delte kongedømet etter regjeringstida hans tok slutt. Han gav Napoli til sonen Ferdinand I av Napoli, som regjerte frå 1458 til 1494, og Aragon og Sicilia gav han til bror sin Johan II av Aragon. Frå 1494 til 1503 prøvde kongane av Frankrike Karl VIII og Ludvig XII, som begge var arvingar til Angevin, å erobre Napoli (sjå dei italienske krigane) men klarte det ikkje. Kongedømet vart derfor samla under Aragon igjen.

Titlane vart haldne av dei aragonesiske kongane fram til 1516, etterfølgd av kongane av Spania fram til 1707. Dei tysk-romerske keisarane hadde tittelen frå 1707 til 1735, då Napoli vart angripe av hertug Karl av Parma, som vart Karl VII av Napoli og Sicilia. Etterkomarane hans styrte fram til samlinga av Italia i 1861. Frå 1816 til 1861 vart kongedømet samla under namnet Begge Sicilia.

Malta under riddarane[endre | endre wikiteksten]

I 1530, i eit forsøk på å verne Roma frå den osmanske invasjonen frå sør, gav Karl V av Det tysk-romerske riket, som Karl V av Araagon, øyane Malta og Gozo til Tempelriddarordenen som eit evigvarande len mot ein årleg betaling av ein enkel maltesisk falk, som skulle sendast til statthaldaren av Sicilia for allehelgensdag frå 1127. Det føydale forholdet mellom Malta og Kongedømet Sicilia varte heilt til riddarane vart kasta ut av Malta av Napoleon i 1798.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Kingdom of Sicily» frå Wikipedia på engelsk, den 6. januar 2008.
    • en oppgav desse kjeldene:
  • Normannarane på mondes-normans.caen.fr
  • Houben, Hubert. Roger II of Sicily: A Ruler between East and West. Trans. G. A. Loud and Diane Milbourne. Cambridge University Press: 2002.
  • Norwich, John Julius. The Kingdom in the Sun 1130-1194. Longman: London, 1970.
  • Matthew, Donald. The Norman Kingdom of Sicily. Cambridge University Press: 1992.
  • Chaytoe, H. J. A History of Aragon and Catalonia. Sjå kapittel 7.