Kongsvinger IL Toppfotball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
KIL Toppfotball
KIL7.jpg
Fullt namn Kongsvinger IL Toppfotball
Kallenamn Vinger
Grunnlagd 31. januar 1892
Heimebane Gjemselund stadion
(kapasitet: 6 700)
Styreleiar Hans Einar Holth
Hovudtrenar Stian Aasen
Supporterklubb KIL Supporterklubb
Liga Adeccoligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Kongsvinger IL Toppfotball er Kongsvinger IL sitt profesjonelle fotballag. Klubben spelar denne sesongen i Adeccoligaen. Noverande hovudtrenar er Stian Aasen.

Dei heldt seg i den norske eliteserien i fotball frå 1983 til 1999. I 1999 rykte dei ned i 1. divisjon, og i 2001 rykte dei vidare ned i 2. divisjon. KIL var attende igjen i 1. divisjon i 2004. Den 12. november 2009 rykte KIL opp til eliteserien etter kvalifiseringskampar mot Sarpsborg 08.

Klubben har vunne ein sølv- og to bronsemedaljar i den norske eliteserien i fotball, og har nådd semifinalen i noregsmeisterskapen fire gonger. Klubben spelte i UEFA-cupen 1993/94 der dei gjekk vidare frå 1. runde etter 7–2 samanlagt mot Östers IF. Heimekampen i 2. runde vart spelt på Ullevaal Stadion mot Juventus og enda 1–1. Kongsvinger rauk ut då Juventus vann heimekampen sin 2–0.

Kongsvinger hadde to toppscorarar i eliteserien under stordomstida på 1980- og 90-talet. På grunn av dei små resursane til klubben, har klubben ofte fostra fram eigne spelarar og henta inn spelarar frå naboklubbene.

Klubben spelar på Gjemselund stadion som har ein kapasitet på 6 700[1] tilskodarar. Rekorden lyder på 6 794 tilskodarar og er frå 1983.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1902–1918 – Starten[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Kongsvinger Idrettslags vart stifta i 1892, kom ikkje ordentleg organisert fotball på Kongsvinger i gang før i 1907. Det var Kongsvinger-Turn og Idrætsforening (stifta 1902) – som seinare gjekk inn i Kongsvinger Idrætsforening og som igjen seinare vart dagens Kongsvinger Idrettslag – som byrja med fotball i byen. Laget hadde sine turnøvingar i middelskolen (gamle delen av Øvrebyen vidaregående skole), medan idrettsplassen truleg låg på Lomsnæsløkka (mellom Oscarsgate og Prinsensgate der parkeringsplassen til Friskus ligg i dag).

I starten var draktene kvite turndrakter med raudt skjerf om livet. Som fotballsko vart det brukt beksaum- eller pluggsko. Enkelte nytta seg òg av leggskinn. Lærar Gunnar Mandt fungerte ofte som dommar og er òg ein av dei som skal ha mykje av æra for å ha ført fotballen til Kongsvinger, særleg ved sine artiklar i aviser og talar i samskipnader som oppfordra ungdommen til å drive med denne nye og sunne sporten.

1918–1940 – Danninga av K.I.F og utviklinga fram mot krigen[endre | endre wikiteksten]

24. april 1918 vart Kongsvinger Idrætsforening danna av fotballaget (som ein trur var Kongsvinger- Turn og Idrætsforenings fotballag), Fri Idræt og Samhald. Det var viktig for dei idrettsinteresserte å få samla all idrett under éin samskipnad. Mest på grunn av at dei fleste utøvarane gjekk igjen i omtrent alle dei ulike idrettsforeningene byen hadde, men òg fordi éin stor samskipnad ville stå sterkare enn mange små.

Resultata kom med ein gong. Då det første krinsmeisterskapen i Østerdalens krins skulle arrangerast, var K.I.F sjølvsagt meldt på. Dei vart krinsmeistrar etter at dei i finalen slo Elverum 3–0 i Elverum, og standarden var sett. Frå 1918 til 1926 vann laga alle ni krinsmeisterskap, inntil dei måtte gje tapt for Kirkenær i 1927. Åra etter dette gjekk opp og ned. Dei vann igjen i 1931 og 1933, og dessutan i 1940. Sistnemnde år slo òg A.I.L Fram seg saman med K.I.F og namnet vart endra til Kongsvinger Idrettslag. Banane som vart nytta i perioden før krigen låg på Rasta og på Winsnesløkka.

1945–1981 – Opp og ned[endre | endre wikiteksten]

Åra etter krigen og heilt fram til byrjinga av 1980-talet var ein rein heisatur for KILs del. I landsserien rykte klubben opp og ned mellom 3.- og 4. divisjon med jamne mellomrom, før dei endeleg fekk stabilisert seg for så og rykke opp og ned mellom 2. og 3. divisjon. Den kanskje viktigaste delen av KILs historie fanst likevel i denne tida. Gjemselund stadion vart opna i 1953 og klubben fekk dermed endeleg ein permanent tilhaldsstad, endå eigd av Kongsvinger kommune.

1982–1999 – Stordomstida[endre | endre wikiteksten]

Perioden 1982 til 1999 må sjåast som KILs stordomstid. Frå opprykket til den øvste divisjonen i landet 10. oktober 1982 og til nedrykket i 1999 hadde klubben halde seg 17 strake sesongar på rad i Tippeligaen. I løpet av denne tida tok klubben eitt sølv, to bronsar og nådde semifinalen i noregsmeisterskapen heile fire gonger. I tillegg fekk klubben to toppskårarar i ligaen, og dei spelte mot blant andre Juventus i UEFA-cupen. I løpet av denne tida vart det òg bygd ein ny sittetribune på Gjemselund, og ein fekk òg ein splitter ny innandørsfotballhall i Kongsvingerhallen.

2000–2008 – Tøffe tider[endre | endre wikiteksten]

Nedrykket frå Tippeligaen 1999 var enormt tungt for KIL. Ikkje berre sportsleg, men òg økonomisk var laget fleire gonger i djup krise. Særleg betre vart det ikkje då klubben i 2001 rykt ned endå eit hakk til 2. divisjon. Spelarar, trenarar, leiarar og ikkje minst store delar av publikum forsvann ut portane på Gjemselund stadion. I tillegg til dette kom krav frå Noregs fotballforbund om oppgradering av stadion. Gjemselund hadde nestan stått uforandra i over 50 år å forfalle sakte men sikkert. Han heldt ikkje lenger mål og hadde vesentlege manglar.

2009–i dag – Ny tid[endre | endre wikiteksten]

Særleg i løpet av 2009 skjedde mykje med Kongsvinger IL Toppfotball. Gjemselund stadion vart utstyrt med kunstgrasdekke og nye flaumlysmaster. Nye garderobar og nye VIP-losjar kom til, og løpebanen vart fjerna. Matta vart flytta inn til hovudtribunen og ein fekk tribunar på kvar side av banen, noko som gjorde stadion meir intim og fotballvenleg. Nye investorar banka på døra og laget byrja så lite å trekkje tilskodarar igjen. 12. november 2009 rykte KIL opp att til den øvste divisjonen til landet etter ti år i «dvale». Sjølv om sesongen enda med nedrykk, la ein fundamentet for vidare satsing. Særleg nøktern men ambisiøs satsing vart det nye målet til KIL, i tillegg til meir fokus på lokale spelarar.

Supporterklubb[endre | endre wikiteksten]

KIL Supporterklubb er Kongsvinger IL Toppfotballs supporterklubb. Supporterklubben vart stifta 16. februar 1977. Han har sitt eige felt på Gjemselund stadion, felt J, nærast klubbhuset. I 2010 hadde supporterklubben sin så langt største medlemsmasse på rundt 800 personar.

KIL Supporterklubb har òg ei undergruppe, Vinger Tifo, som jobbar med tribunekultur.

Tidlegare namn[endre | endre wikiteksten]

  • 1902–1918: Kongsvinger- Turn og Idrættsforening
  • 1918–1924: Kongsvinger Idrættsforening
  • 1924–1934: Kongsvinger Idrættsforening og Kongsvinger og Omegn Skiløberforening
  • 1934–1940: Kongsvinger Idrettsforening
  • 1940–1992: Kongsvinger Idrettslag
  • 1992–d.d: Kongsvinger IL Toppfotball

Klubbrekordar[endre | endre wikiteksten]

  • Flest klubbkampar: Charles Berstad 272 eliteserien
  • Flest seriemål: Cato Holtet 46 eliteserien
  • Publikumsrekord: 10 213 mot JuventusUllevaal Stadion (1993)
  • På Gjemselund: 6 794 mot Vålerenga (1983)
  • Største siger: 6–0 mot Start (heime) 1985, 6–0 Djerv 1919 (heime) 1989 og 6–0 Fyllingen (heime) 1993
  • Største tap: 0–8 mot Tromsø (borte) 1995 og 0–8 mot Strømsgodset (borte) 1997

Kjende spelarar gjennom tidene[endre | endre wikiteksten]

Trenarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. kil.no - «Plass til flere», 14. februar 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kongsvinger IL Toppfotball

Mal:Adeccoligaen 2014