Koparskifer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koparskifer er ein mørk leirskifer frå permtida i det nordvestlege Europa, mellom anna i Nordsjøen. Det er særleg kjent frå Harz i Tyskland. Det er eit koparmalm som inneheld 2–3 % kopar, 1–2 % sink, 0,02 % sølv og 0 014 % molybden. Ertsminerala er fint fordelte, og skiferen er danna i eit oksygenfattig botnvatn, av same type som det ein finn i dei norske fjordane og i Svartehavet. Den metallførande sona er berre 1–2 m tjukk, men er utbreidd over store område og difor ein viktig metallresurs. Det har vore drive i Tyskland sidan mellomalderen. Koparskifer inneheld mange fossil, særleg av fisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]