Kvitstrupetapakulo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitstrupetapakulo
Kvitstrupetapakulo
Kvitstrupetapakulo
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kvitstrupetapakulo
Utbreiinga av Kvitstrupetapakulo
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tapakuloar Rhinocryptidae
Slekt: Scelorchilus
Art: Kvitstrupetapakulo S. albicollis
Vitskapleg namn
Scelorchilus albicollis

Kvitstrupetapakulo (Scelorchilus albicollis) er ein mellomstor medlem av tapakulofamilien og er endemisk for Chile.

Taksonomi og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Tapakuloar er ei gruppe på ca. 65 artar som er kjenneteikna av oppreist stjert, korte venger og kraftige bein, tilpassa eit liv i underskog. Kvitstrupetapakulo deler den biologiske slekta Scelorchilus med raudstrupetapakulo[1] som lever vidare sør i Chile og i Argentina. To underartar er anerkjende, nominatforma S. a. albicollis sentralt og sør i utbreiingsområdet og S. a. atacamae i nord.[2][3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kvitstrupetapakuloen er omtrent 19 cm i kroppslengd.[4] Vaksne fuglar av nominatforma har ei kanelfarga panne, ei markert kvit bogeforma augebrynstripe, supercilium, og gråbrun overside. Strupeområdet er kvitt og undersida og kroppssida er lys med mørkebrune tverstriper. Underarten S. a. atacamae¨ er bleikare i same fargetone, spesielt oversida er mykje meir grå enn brun.[3]

Leveområdet er avgrensa til sentrale Chile. Den nordlege underarten lever sørvest for Antofagasta og frå Atacama sørover til nordre Coquimbo-regionen. Nominatunderarten finst frå Coquimbo-regionen sør til omtrent Curicó i Maule-regionen. Den nordlegare delen av området er prega av halvørken med xeriske buskar og den meir sørlege delen er prega av matorral skog og kratt med middelhavsklima. Arten finst vanlegvis frå havnivå til 1000 moh., mest vanleg rundt 800 m, men òg opp til 1850 m. Desse fuglane er trudd å vere stasjonære.[3][4]

Dietten er for det meste leddyr. Den søkjer mest på bakken i tett dekke av vegetasjon.[3]

Kvitstrupetapakuloen graver neppe ut tunnel for reirplass som andre i tapakulofamilien, men finn naturlege holrom i fjellsprekker eller holrom etter degusar.[3]

Kvitstrupetapakuloen syng frå bakken eller ei låg grein. Den typiske songen er ein serie av tre synkande tonar som fell i tonehøgd, skildra som gjentakande «ta-pa-cú». Kontaktropet har fleire tonar i kvar strofe og det finst variantar.

Status[endre | endre wikiteksten]

Kvitstrupetapakuloen er kategorisert som livskraftig av IUCN.[5] Arten er skildra som nokså vanleg og med stabil populasjon.[4] Han er verna mot jakt.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Norsk navnekomité for fugl (NNKF) søk i Norske navn på verdens fugler Henta 4. mars 2023
  2. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2023. IOC World Bird List (12.2) doi : 10.14344/IOC.ML.13.1. Henta 4. mars 2023
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Medrano, F., G. Contreras, and I. Escobar Gutiérrez (2021). White-throated Tapaculo (Scelorchilus albicollis), versjon 2.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA
  4. 4,0 4,1 4,2 Ridgely, Robert S.; Tudor, Guy (2009). Field Guide to the Songbirds of South America: The Passerines. University of Texas Press. s. 393. ISBN 9780292717480. 
  5. BirdLife International (2023) Species factsheet: Scelorchilus albicollis. Henta 4. mars 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kvitstrupetapakulo