Ládonas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Ládonas | ||
| Utspring | Peloponnese | |
| Munning | Alfeios |
|
| Lengd | ca. 70 km | |
Ládonas (gresk Λάδωνας), òg kalla Ladon, er ei elv i Hellas. Ho har utspring i Arkadía, vest for Trípoli og er ei av sideelvane til Alfiós, som munnar ut i Det joniske havet.
Elvar i Hellas vart personifisert i gresk mytologi. Ei av døtrene til Ladon var Dafne, som Apollon følgde etter. Ho ba om hjelp frå elveguden Peneos, og han omforma ho til eit laurbærtre. Ei anna dotter, nymfen Metope gifta seg med elveguden Asopos.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ladon River» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2007.