Asopos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Asopos, latinsk namneform Asopus, var ein elvegud i gresk mytologi. Han var son av Okeanos og Tethys.

Han var gift med najaden Metope og i lag fekk dei to sonar, Pelasgos og Ismenos, i tillegg til tolv døtrer; Korkyra, Salamis, Aigina, Peirene, Kleone, Thebe, Tanagra, Thespeia, Asopis, Sinope, Ornia og Khalkis.

Asopos si dotter Aigina vart kidnappa av Zevs.

Elvane[endre | endre wikiteksten]

Asopos er òg namnet på fleire elvar i Hellas og Tyrkia.

  1. Asopós i Viotía, som har sitt utspring ved fjellet Kitherónas og som renn ut i Évripossundet. Slaget ved Plataea vart utkjempa på breidda av elva. I antikken markerte ho grensa mellom Theben (Thíva) og Plataea.
  2. Asopós i Korinthía renn gjennom Sikyóna og ut i Korintbukta nær Sikyóna.
  3. Asopós i Thessalía har sitt utspring ved Íti og munnar ut i Maliábukta.
  4. Asopos i Thrakis nær Thermopylae er nemnd av Herodotos (7.199, 216–17).
  5. Asopos i Frygia som renn i hop med Lykos nær Laodikea i Lykos i Tyrkia.