Geir Pollestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Geir Pollestad (2010)

Geir Pollestad (fødd 13. august 1978), oppvaksen ved Nærbø, er ein norsk jurist og politikar for Senterpartiet. Han var frå september 2007 politisk rådgjevar for Åslaug Haga i Olje- og energidepartementet. Han kom frå stilling som politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet, der han hadde arbeidd frå januar 2007.

Geir Pollestad er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen og har tidlegare studert økonomi og administrasjon ved Høgskolen i Stavanger. Han har vore aktiv i Senterungdommens landsforbund og sat frå 2001 til 2003 som politisk nestleiar. Frå 2003 til 2005 var han visepresident i Nordiska Centerungdommens Förbund som representant for Senterungdommen.

Ved Stortingsvalet i 2005 var Pollestad tredjekandidat for Hordaland Senterparti.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Geir Pollestad