Lars Levi Læstadius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Lars Levi Læstadius (18001861). Illustrasjon frå boka Voyages en Scandinavie et Laponie (1861).

Lars Levi Læstadius (10. januar 180021. februar 1861) var ein svensk prest og botanikar som mest av alt er kjend som grunnleggjaren av den kristne rørsla læstadianismen.

Læstadius vart fødd i Jieggeluokta/Jäckvik, i nærleiken av Arjeplog i Nord-Sverige. Far hans sørgde for familien gjennom jakt, fiske og tjørebrenning. Familien var svært fattig, men med hjelp frå ein halvbror som var prest i Kvikkjokk klarte Læstadius å fullføre teologistudia ved Universitetet i Uppsala. Han var ein framifrå student, og interessa hans for botanikk gjorde at han fekk ei stilling som assistent ved det botaniske fakultet medan han studerte teologi. Læstadius vart ordinert som prest i 1825 av biskopen i Halmstad, Erik Abraham Almquist. Det første prestegjeldet hans var Arjeplog, der han vart misjonær for regionen Pite.

Frå 1826 til 1849 var han vikar i Karesuando prestegjeld. Da Læstadius kom åt Karesuando var det stor nød og fattigdom der. Alkoholmisbruk var utbreidd i den samiske befolkninga.

Alkoholmisbruket vart ein av de viktigaste tinga Læstadius ønskte å endre på. Dette klarte han på forbløffande kort tid — for det meste gjennom å opplyse og åtvara folket i preikane sine. Læstadianarane (trusretninga som oppstod ved og etter Læstadius) er kjende for avhaldet sitt, og utspringet til dette ligg nok for ein stor del i dei tilstandane Læstadius var vitne til. Størstedelen av den samiske befolkninga vart «tørrlagt» som resultat av arbeidet åt Læstadius, og levekåra vart betrakteleg betre.

Læstadius preikte hardt og sa i klåre ordelag kva synd var. Dette vart ikkje spesielt godt motteke av øvrigheita, noko som førte til at biskopen bestemte at det frå og med 1853 skulle haldast to gudstenester i Pajala: éi for læstadianarane og éi for andre. Dette blir rekna som byrjinga på den læstadianske rørsla. Læstadianarane har alltid halde seg til statskyrkja, men held sine eigne gudstenester.

Sentralt i læra åt Læstadius står synd og tilgjeving, rett anger (over syndene) og nestekjærleik. Gjennom å erkjenne sin syndige natur skal mennesket angre brota sine mot Guds ord. Den angrande syndaren får syndsforlatelse gjennom å be om denne frå ein kristen han eller ho har tiltru til. Dette kan vera ein predikant eller kven som helst andre. Dette var ein sentral tese i læra åt Læstadius. På den tida var det ikkje vanleg at andre enn prestane tilsa syndsforlatelsa (hugs òg at kyrkja ein gong hadde gudsteneste på latin, sjølv om kyrkjelyden ikkje skjønte eit ord av det), og det vekte nok «andelig harme» hjå mang ein prest. Men Læstadius var ikkje kjend for å følgje normar og reglar ukritisk — for han var det mykje viktigare å preike rett forkynnelse, slik Bibelen lærte.

Læstadianarane har i dag mange store forsamlingar i Noreg, Sverige, Finland, Danmark og USA. I dei seinare åra er læstadianismen òg vorten kjend blant studentar frå Kina, Russland og dei austeuropeiske landa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

På nettet[endre | endre wikiteksten]


Annan litteratur[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lars Levi Læstadius
  • Gustaf Dahlbäck, Den gamla och nya människan i Lars Levi Læstadius teologi, 1949
  • Lilly Anne Østtveit Elgvin, Lars Levi Læstadius' spiritualitet, 2010.
  • Olle Franzén, Naturalhistorikern Lars Levi Læstadius,1973
  • Seppo Lohi, Sydämen kristillisyys Lars Levi Læstadius ja læstadiolainen herätyksen alkuvaiheet, 2000.
  • Hannu Juntunen, Lars Levi Læstadiuksen käsitys kirkosta, 1982
  • Kristina Nilsson, Den himmelske föräldern. En studie av kvinnans betydelse för Lars Levi Læstadius teologi och förkunnelse, 1988.
  • Henning Thulin, Lars Levi Læstadius och hans förkunnelse, 1949
  • Gunnar Wikmark, Lars Levi Læstadius’ väg till den nya födelsen, 1980