Pajala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 67°12′43.243″N 23°21′57.096″E Pajala er ein svensk tettstad ved Torne älv i Norrbottens län i landskapet Norrbotten, nær grensa til Finland. Det er administrasjonssenter i Pajala kommun og i år 2011 hadde tettstaden 1 958 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Presten og botanikaren Lars Levi Læstadius, som er mest kjend som mannen bak læstadianismen, budde og arbeidde i Pajala på midten av 1800-talet.

Ved ein feil vart Pajala bomba av sovjetiske fly under vinterkrigen våren 1940, men ingen menneske omkom. Det vart sloppe 134 bombar, seks bygningar brann ned. Berre to personar pådrog seg mindre skadar.[1] Sovjetiske offiserar inspiserte seinare skadane, og Sovjetunionen betalte erstatning for dei.

Litteratur om Pajala[endre | endre wikiteksten]

Handlinga i Mikael Niemi-boka Populærmusikk frå Vittula utspelar seg hovudsakleg i Pajala. Vittula, eigentleg Vittulajänkkä («Fittemyra»), er eit folkeleg namn på eit villaområde i Pajala.

Ei anna skildring frå Pajala av same forfattar er boka Mannen som enda som en lax. I denne kriminalromanen belyser forfattaren mellom anna situasjonen til tornedalsfinsk (meänkieli) i dagens Pajala.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Pajala-Ylläs Airport har daglege samband til Luleå. Elles har tettstaden fleire daglege bussavgangar til byar og tettstader i Norrbottens län.

Diverse[endre | endre wikiteksten]

Ishockeyspelaren Johan Tornberg, som scora det avgjerande målet i finalen i Ishockey-VM 1998, kjem frå Pajala. I sentrum av Pajala står det eit solur som mæler over 38 meter i diameter.

Geologiske undersøkingar gjort i traktene rundt Pajala har vist større førekomster av ulike slags utvinnbare mineral som kopar og jarn. Dette har ført til drøftingar om ein eventuell ny jarnbane til Skibotn i Noreg, med tanke på ei isfri utskiping derfrå, alternativt ein bane til Gällivare med tanke på utskipning frå Narvik eller direkte til Luleå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Time – "Darkening Up Here'

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pajala