Lastetraktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ponnse lastetraktor med fullt lass ved Drevvatnet i Vefsn
Timberjack lastetraktor
Rottne lastetraktor.

Lastetraktor (eller lassberar) er ein skogsmaskin som vert bruka til å køyre tømmer ut av skogen og fram til ein velteplass for vidare transport med tømmerbil.

Utstyr og teknikk[endre | endre wikiteksten]

Ein lastetraktor er utstyrt med førarhytte, tømmerkran og lasteplass for tømmeret. Han er konstruert for å gje minst mogleg skade på marka ved framkøyringa.

Han vert styrt med rammestyring, og har tre eller fire akslingar, to av desse under lasteplassen. Hjulgangen under tømmerlasset vert ofte utstyrt med belter, og det er til vanleg drift på alle hjula.

Krana kan vere teleskopisk for betre rekkevidd. Lastetraktorar finst i ulike storleikar for ulike driftsformål, bestandsgåande maskiner er gjerne smalare enn dei som er konstruert for ordinær sluttavvirking.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lastetraktor