Kabelkran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei stor og avansert kabelkran på eit skipsverft i Tyskland.

Kabelkran er eit transportmiddel i form av eit taubanesystem som vert brukt for å transportere tømmer, stein eller liknande opp eller ned i bratte lier, til nærmaste veg. Kabelkranene er ofte mobile og kan vere festa på eit køyretøy, men dei kan også vere permanente og stå på flatmark, som på biletet. I slike tilfelle er det ikkje nødvendigvis snakk om bratte lier, men funksjonen deira er meir å frakte til dømes utstyr og materiale over større avstandar.

Ei kabelkran har éin eller fleire fastspente berekablar. Vogna som inneheld lasset vert trekt fram og tilbake ved hjelp av trekk- og returliner og heng i ein såkalla løpekatt. Mobile kabelkraner vert drivne av ein vinsj som anten har ein eigen motor, eller som er påmonterte eit køyretøy. Dei kan òg vere fjernstyrde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kabelkran

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]