Stammelunnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stammelunnar.
Stammelunnar i arbeid. Lunningspanna hindrar tømmret, som heng i stårltau i å gjera skade på maskina.

Ein stammelunnar er ein traktor konstruert for lunning og framkøyring av tømmer.

Stammelunnaren er konstruert for framkøyring av heile stammar, men dei vert òg bruka til framkøyring av kappa tømmer. Lunnaren er utstyrt med vinsj, oftast med to tromlar, og frå tromlane kan køyraren dra ut ståltau med kjettingstropper som han festar til stammane. Ved somme høve bør ein stroppe tømmeret i toppen, andre gonger i rotenden.

Stammelunnaren er oftast utstyr med rammestyring.

Framdrift av heile stammar med stammelunnar på tien mark har ofte gjeve djupe køyrespor i skogen. Etter at hogstmaskinane gjorde inntog i skogbruket, har det vorte mindre vanleg med heilstammedrift, og lastetraktorar har tatt over for stammelunnaren.

Soge[endre | endre wikiteksten]

I 1944 bygde Dwight Garrett ein rammestyrte lunnetraktor med vinsj og eit lite tårn på den bakre delen[1]. Traktoren var ein ombygd Flynn Trail Muel, men den endelege konstruksjonen var svært lik moderne lunnetraktorar og andre tidlege lunnetraktorar, som til dømes Timberjack, var svært like traktoren til Garrett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Samset, I., Storm gjennom skogene, Vigmostad & Bjørke, 2003.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stammelunnar