Zinaida Gippius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zinaida Gippius

Pseudonym Антон Крайний, Anton Krajnij, Lev Pushchin, Camarada Herman, Roman Arensky, Anton Kirsha, Nikita Vecher, V. Vitovt
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Frankrike
Fødd 8. november 1869
Beljov
Død

9. september 1945 (75 år)
Paris

Yrke lyrikar, skribent, skodespelforfattar, litteraturkritikar, prosaforfatter
Sjanger dikt, prosa, memoar, litteraturkritikk
Far Nikolaj Romanovitsj Gippius
Mor Anastasija Vasiljevna Stepanova
Ektefelle Dmitrij Merezkovskij
Zinaida Gippius på Commons
Leon Bakst: Portrett av Gippius, 1906

Zinaida Nikolajevna Gippius (20. november 18699. september 1945) var ein russisk forfattar. Av verka hennar vert memoarane og poesien mest påakta, men ho skreiv også romanar og noveller.

Gippius var fødd i Beljov i Tula, der ho hadde anar i adelen. Ho debuterte som poet i 1888 og gifta seg året etter med forfattaren Dmitrij Merezjkovskij. Dei grunnla den religionsfilosofiske foreininga i St. Petersburg og gav ut tidsskriftet Novyj Put.

1905-revolusjonen radikaliserte Gippius og Merezjkovskij, som i etterkant av opprøret emigrerte til Paris. Etter oktoberrevolusjonen i 1917 returnerte dei til St. Petersburg, Paret kom i opposisjon til bolsjevikane og flykta i desember 1919 til Warszawa. Seinare var dei sentrale i den russiske emigrantkolonien i Paris. Paret var typiske for dei russiske flyktningane etter revolusjonen. Alle stader dei vart buande ei tid, opna dei litterære salongar og tok del i meiningsbrytingane. Både på 1920- og 30-talet var Gippius politisk aktiv og produserte ei rekke anti-kommunistiske hefte.

I dikta og prosaen sin svingar Gippius fram og tilbake mellom det jordiske og det andeleg-religiøse. Dei tidlege romanane, forteljingane og dikta hennar er no utdaterte og vert lite lesne. Derimot vert memoarane hennar lesne, utgjevne under tittelen Ein gneiste av ord. Boka inneheld portrett av forfattarar som Aleksandr Blok, Andrej Belyj og Vasilij Rozanov. Ho skildrar ekteskapet sitt med Merezjkovskij som eit erotisk lite vellykka ekteskap. Gippius spela på mange måtar ei mannleg rolle, ho kjende seg som ein mann fanga i ein kvinnekropp. Ho hadde nær kontakt med den russiske, religiøse sekta «khlystij», ei sekt som praktiserte rituell sjølvpisking med påfølgjande seksuelle orgiar. Seksualitet og bisarre figurar er eitt av mange karakteristika ved memoarane hennar. Mot slutten av 1930-åra kom ekteparet meir og meir på kant på med resten av det russiske eksilmiljøet, og hamna i ein posisjon som sette aktivisten Gippius på sidelina.

Gippius var kjend som ei militant, politisk, intellektuell, lidenskapeleg og lunefull kvinne, medan andre framheva henne som eit «kaldt intellekt» og ein «slange». Ho nytta ofte psevdonymet Anton Krajnij.

Ho døydde i Paris hausten 1945, knappe fire år etter ektemaken Merezjkovskij.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]