Leopold Josef von Daun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grev Leopold Joseph von Daun

Leopold Josef Maria von Daun (24. september 17055. februar 1766) var ein austerrisk greve og general, president i Hofkriegsrat frå 1762. Han var feltmarskalk i sjuårskrigen.

Grev Leopold von Daun vart oberst i 1725 og general i 1734, før han deltok i felttog i Italia, ved Rhinen og mot Tyrkia. I 1737-39 deltok han i den austerrikske arvefølgjekrigen. Etter freden i 1748 ivra han for å auke krigsdugleiken til soldatane, utarbeidde nye reglement for hæren og grunnla eit militærakademi i Wiener-Neustadt.

I 1754 vart han feltmarskalk, og då sjuårskrigen braut ut, samla han restane av hæren som var slagen ved Praha, forsterka desse og greidde å sigre over Fredrik II av Preussen ved Kolín. Seinare leid han nederlag ved slaget ved Leuthen og ved slaget ved Torgau. Under resten av krigen nøgde han seg med å iakta fienden, slik at krigen drog ut i tid, utan avgjerande slag. Denne krigføringsmåten er vurdert ulikt av militærhistorikarar. Den varsame strategien hans gav han tilnamnet «Den austerrikske Fabius Cunctator» (som tyder 'drølaren').[1]

I 1762 vart han president i hoffkrigsrådet og gjorde på denne plassen stort gagn for den austerrikiske hæren.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Gudmund Sandvik i Norsk Allkunnebok