Slaget ved Torgau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Torgau
Del av sjuårskrigen

Dato 3. november 1760
Stad Flagget til Sachsen, Süptitzer Höhen, nær dagens Torgau i Sachsen i Tyskland
Resultat Pyrrhisk prøyssisk siger
Partar
Flagget til Preussen Preussen Flagget til Det tysk-romerske riket Austerrike
Kommandantar
Fredrik den store Leopold Daun
Styrkar
50 000[1] 53 400
Tap
16 670 15 697, 49 kanonar
Sjuårskrigen: Europa
MenorcaLobositzReichenbergPrahaKolínHastenbeckGross-JägersdorfMoysRochefortRossbachBreslauLeuthenRheinbergKrefeldDomstadtlCherbourgZorndorfSaint CastTornowLutterbergHochkirchBergenKayMindenKunersdorfHoyerswerdaFrisches HaffMaxenMeissenLandeshutKorbachEmsdorfWarburgLiegnitzKloster KampenTorgauVillinghausenKolbergWilhelmstahlBurkersdorfLutterbergAlmeidaKasselFreiberg

Slaget ved Torgau vart utkjempa 3. november 1760. Den prøyssiske armeen til kong Fredrik den store kjempa mot ein større austerriksk arme under feltmarskalk Leopold Josef Daun. Prøyssarane vann ein kosteleg siger i eit av dei blodigaste slaga under heile sjuårskrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I august missa Daun høve til å øydeleggje hovudarmeen til prøyssarane i Schlesien. Fienden var tre gonger så mange, men Fredrik klarte å kome seg unna den austerrikske fella ved å knuse korpset til Feldzeugmeister Ernst Gideon von Laudon i slaget ved Liegnitz. Då prøyssarane dvelte i Schlesien, slo den langt meir talrike fienden til. Feldzeugmeister Franz Moritz von Lacy sine 15 000 austerrikarar slo seg saman med general Tottleben sin russisk styrke nær Berlin, og saman hadde dei totalt 35 000 mann. Medan 13 000 prøyssarar søkte tilflukt i Spandau festning, fanga Lacy og Tottleben 3000 prøyssarar i Berlin den 9. oktober.[2]

Planar[endre | endre wikiteksten]

Seint i oktober kom Daun seg ut av Schlesien og flytta vestover til Sachsen der han møtte Lacy og styrkane hans. Då styresmaktene gav han ordre om å holde stand og kjempe mot prøyssarane, valde Daun seg ut åsen Süptitzer Höhen like vest for Torgau. Platået hadde vorte nytta av prins Henrik av Preussen i 1759 og var verna i vest piggtrådsperringar og i sør av ei lita elv. Austerrikarane var vendt mot sør med troppane til Lacy nærast Torgau og troppane til Daun lengst vest.[3] I alt hadde Daun og Lacy samla 42 000 infanteristar, 10 000 kavaleristar og 275 kanonar.[4]

Fredrik valde å sende general Hans Joachim von Zieten for å halde merksemda til Daun mot sør, medan han sjølv prøvde å sirkle rundt vestenden av den austerrikske linja for å gå til åtak frå nord. Korpset til Zieten bestod av 21 infanteribataljonar og 54 kavaleriskvadronar, medan hovudhæren til Fredrik hadde 41 bataljonar og 48 skvadronar. Total hadde prøyssarane 35 000 infanteristar, 13 500 kavaleristar og 309 kanonar.[4]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Rundt middagstider virra hovudarmeen til Fredrik rundt i skogen nord for Daun. Samstundes kom fortroppen til Zieten i konflikt med kroatiske infanteristar frå korpset til Lacy. Daun la då merke til den prøyssiske manøveren og vendte den første linja mot nordsida av høgda. Like etter starta kanoneld mellom Lacy og Zieten. Fredrik høyrde kanonane og frykta at Zieten var i ferd med å verte knust. Han starta derfor åtaket for tidleg med ti grenaderbataljonar. Tett austerriksk kanon- og geværeld førte til at prøyssarane mista 5000 mann i løpet av ein halvtime.[5]

Då hovuddelen av infanteriet kom til slagmarka, vart dei òg sendt oppover åsen. Daun vart tvungen til å sende reservane sine for å slå det andre åtaket. Det prøyssiske kavaleriet leia av hertugen av Holstein prøvde å bryte den austerrikske linja, men mislukkast. Eit tomt kanonprosjektil trefte Fredrik i brystet og han trekte seg attende til landsbyen Elsnig i stor naud. Kongen sat resten av natta ved trappa opp til alteret i kyrkja medan han venta på nyhende frå slagmarka. Daun vart skadd i foten og rundt solnedgang drog han til Torgau for å få behandling.[6] Den austerrikske kommandanten sendte general Charles Flynn for å levere ein foreløpig sigersmelding til keisarinne Maria Teresia av Austerrike i Wien.

Vendepunktet i slaget kom i skumringa, då kolonnane til Zieten, som til no hadde drive ein meiningslaus kamp mot Lacy, omsider sette i gang eit storåtak. Han flytta korpset sitt mot vest og fann ein uverna veg mellom to tjern, og kasta fem bataljonar over på andre sida. Zieten følgde opp det første gjennombrytinga med infanteriet sitt og like etter hadde korpset fått eit fotfeste på høgdene. Generalløytnant J. D. von Hülsen høyrde kampen til Zieten og førte dei overlevande soldatane frå hovudarmeen inn i eit siste åtak. Med åtak frå både nord og sør starta den austerrikske linja omsider å bryte saman.[7]

Mennene til Zieten tok det austerrikske kanonbatteriet og vendte dei mot austerrikarane, som gjorde to mislukka forsøk på å ta attende batteriet. Kl 0900 ebba slaget ut med prøyssarane i kontroll over høgdene.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Prøyssarane vann slaget, men det hadde kosta dei dyrt. Dei mista 16 670 mann, medan austerrikarane mista 15 697 mann, i tillegg til 7000 mann og 49 kanonar tekne til fange.[4] Slaget ved Torgau hadde lite å sei strategisk sett, for Daun hadde framleis fotfeste i Dresden og det sørlege Sachsen, medan Laudon var fri til å sette opp vinterleir i Schlesien.[7]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Duffy, Army, s 235. Duffy gjev styrkar og tap.
  2. Duffy, Army, p 194
  3. Duffy, Army, p 194-195
  4. 4,0 4,1 4,2 Duffy, Army, s 235
  5. Duffy, Army, s, 195
  6. Duffy, Army, s 195-196
  7. 7,0 7,1 Duffy, Army, s. 196