Slaget ved Kolín

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Kolín
Del av sjuårskrigen
Schlacht-Kolin-1.jpg
Slaget
Dato 18. juni 1757
Stad Kolín i Böhmen, (i dag Tsjekkia), 55 km aust for Praha
Resultat Austerriksk siger
Partar
Flag of the Kingdom of Prussia (1750-1801).svg Preussen Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Kommandantar
Fredrik den store Leopold Josef Graf Daun
Styrkar
32 000 44 000-65 000
Tap
14 000 skadde eller døde

Slaget ved Kolín den 18. juni 1757 vart vunne av 44 000 austerrikarar under Graf von Daun over 32 000 prøyssisk under Fredrik den store i sjuårskrigen. Prøyssarane tapte slaget og nesten 14 000 mann, medan austerrikarane tapte 9000 mann.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fredrik II hadde vunne eit slag mot Austerrike og hadde no lagt ei omleiring på Praha. Marskalk Daun hadde kome for seint fram til å delta i slaget ved Praha, men tok 16 000 mann som hadde rømd frå slaget. Med denne armeen flytta han seg sakte mot Praha for å frigje byen og dei prøyssiske styrkane måtte dele seg.

Fredrik tok 32 000 av mennene sine for å avskjere Daun. Austerrikarane visste at dei prøyssiske styrkane var for svake til å både omleire Praha og halde Daun borte frå byen i lengre tid (eller å kjemåe mot den austerrikske armeen som no var forsterka med garnisonen i Praha). Dei tok derfor forsvarsposisjonar i åsane nær Kolín. Fredrik vart tvungen ut i kamp mot austerrikarane. Kor mange austerrikarane var er ikkje heilt sikkert, rapportar har variert frå 44 000 til 65 000 mann. Slagmarka ved Kolín bestod av små åsar.

Planen til Fredrik var å gå til åtak på den austerrikske høgreflanken med det meste av armeen sin. Den prøyssiske hovudstyrken skulle vende rett mot austerrikarane og gå til åtak på høgreflanken. Den prøyssiske venstreflanken ville då lokalt vere langt færre enn austerrikarane. Etter at den austerrikske høgreflanken var slått, kunne slaget avgjerast.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Hovudstyrken til Fredrik vendte seg mot austerrikarane litt for tidleg og gjekk til åtak på forsvarsposisjonane deira i front i staden for på flanken. Det lette kroatiske infanteriet spelte ei viktig rolle i dette. Dei fyrte av mot det prøyssiske infanteriet under generalane von Manstein pg Tresckow, og provoserte fram eit tidleg åtak.

Dei oppstykka prøyssiske kolonnane gjekk ut i fleire ukoordinerte åtak, kvart av dei mot ein talmessig langt større fiende. Om ettermiddagen, etter om lag fem timar med kampar, var prøyssarane disorienterte og troppane til Daun dreiv dei bakover.

Prøyssiske kyrassérar under oberst von Seydlitz (som vart generalmajor denne dagen) kom til slutt ut på slagmarka. Det var mange åtak og motåtak på åsen Krzeczor. Den første vaktbataljonen under general von Tauentzien redda den prøyssiske armeen frå ein verre lagnad, og dekte den prøyssiske tilbaketrekkinga.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Slaget vart det første nederlaget til Fredrik i denne krigen. Katastrofen gjorde at han ikkje kunne marsjere mot Wien, som han først planla, og måtte ende omleiringa av Praha og falle tilbake til Leitmeritz. Austerrikarane, som no hadde 48 000 mann i Praha, følgde etter dei med totalt 100 000 mann, og gjekk til åtak på fyrst August Wilhelm av Preussen ved Zittau. Kongen vart tvungen til å forlate Böhmen.

Fredrik gav generalane sine skulda for nederlaget, som fyrst Moritz von Anhalt-Dessau, men den største skulda la han på seg sjølv. Han valte eit åtak mot ein talmessig overlegen motstandar og valte ein risikabel strategi. I andre slag vann Fredrik med den same flankestrategien, men den austerrikske armeen under Daun, stod ikkje berre imot det prøyssiske åtaket, men valde òg det rette tidspunktet for eit motåtak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°1′44″N 15°7′19″E