Lev Lagorio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lev Lagorio

Lev Feliksovitsj Lagorio (russisk: Лев Феликсович Лагорио), (16. juni 182817. november 1905) var ein russisk målar, kjend for sine marinemåleri.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lagorio var fødd i Feodosija (i dagens Ukraina). Han studerte målekunst ved St. Petersburgs kunstakademi i St. Petersburg. Lærarane hans var Maksim Vorobjev og B. P. Villeval'de. Medan han budde i Feodosija vart han påverka av målaren Ivan Ajvazovskij. I 1845 la Lagorio ut på ei sjøreise med krigsskipet Groziasjtsij for å lære seg korleis skip var oppbygt.

Lagorio budde åtte år i Italia. Bileta han laga der gav han status som professor ved heimkomsten til Russland.

I sine seinare år måla han kystmotiv frå Finland og Noreg. Han måla og verk med motiv frå den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878.

Lagorio sine verk er tilgjengelege for allmenta i Tretjakovgalleriet i Moskva.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Lenke[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lev Lagorio