Lewisbrikkene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lewisbrikkene
Øvst: konge, dronning, løpar.
I midten: springar, tårn, bonde.
Nedst: nærbilete av dronninga.
Det er harpikskopiar som er fotograferte her, ikkje originalar.

Lewisbrikkene er ei gruppe sjakkbrikker som vart funne på Lewis i Hebridane i fyrste halvdelen av 1800-talet. Til saman utgjer dei delar av fire eller fem sett, eitt er komplett. Forskarar meiner at brikkene er laga i Noreg, kanskje av ein handverkar i Trondheim, ei gong på 1100-talet.

Nesten alle brikkene er skorne ut av kvalrosselfenbein, medan nokre få er av kvaltenner. Funnet var på til saman 93 delar, då er det rekna med ei beltespenne og 14 enkle brikker til tabulaspel (ein forgjengar til backgammon). Av sjakkbrikker var det åtte kongar, åtte dronningar, 16 løparar, 15 springarar, tolv tårn og 19 bønder. Alle er forma som menneskefigurar, unnateke bøndene som er mindre og kan likne på ein runestein eller ein gravstein. Springarane held skjold og spyd i hendene og sit på nokre helst små hestar. Alle dei menneskeforma figurane har ottefulle uttrykk, unnateke tre av tårnbrikkene som er framstilde med ville blikk og bitande i skjolda sine som er dei berserkarar i slagvillskap. Ein del av brikkene var farga raude då dei vart funne, noko som tyder på at det var raudt og kvitt som var fargane som vart brukte for å skilje brikkene til dei to spelarane frå kvarandre, heller enn svart og kvitt som er det vanlege i dag.

Funnet av brikkene[endre | endre wikiteksten]

Brikkene vart funne ein gong før april 1831 i ein sandbank ved Bay of Uig på vestkysten av Isle of Lewis i dei Ytre Hebridane i Skottland. Det finst ikkje noko samtidig skildring av korleis funnet skjedde og det er ikkje kjend kven som fann brikkene, men det har heitt seg at dei vart funne i eit lite tørrmurt kammer, om lag 3 meter under toppen av sandbanken. Ymse teoriar har vore lagde fram om korleis dei hadde hamna der, til dømes har ein tenkt seg at brikkene var på veg frå Noreg til Irland med eit skip og at skipet vart røva og at brikkene vart gøymde i sandbanken på Lewis.

Det som er klart er at dei fyrste gong vart vist fram i nyare tid av Roderick Ririe på eit møte i Society of Antiquaries of Scotland den 11. april 1831. Snart etter vart gruppa delt ved at ti av sjakkbrikkene vart kjøpte av Kirkpatrick Sharpe og resten vart kjøpt på vegne av British Museum i London. Kirkpatrick Sharpe fekk seinare tak i ei til Lewisbrikke, slik at han hadde til saman elleve brikker. Etter så å ha vore i eiga til Lord Londesborough ei tid vart dei selde vidare og hamna i Royal Museum i Edinburgh. Brikkene som gjekk til British Museum er framleis del av samlingane der og har registrertingsnummer M&ME 1831,11-1.78-159. Lewisbrikkene vart i eit fjernsynsprogram laga av BBC haldne fram som mellom dei ti viktigaste av gjenstandane funne i Storbritannia som er i eiga til British Museum. Det var fagfolk frå museet som hadde vald ut gjenstandane. Brikkene er óg populære mellom lekfolk, dei er svært uttrykksfulle og detaljerte og dei ottefulle og forfjamsa ansiktsuttrykka får fram smilet til både liten og stor. I museumsbutikken til British Museum er kopiar av brikkene mellom dei mest selde varene.

Lewisbrikkene i populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • N. Stratford, The Lewis chessmen and the enigma of the hoard (The British Museum Press, 1997)
  • Michael Taylor, The Lewis Chessmen (British Museum Publications Limited)
  • HJR Murray, A History of Chess (Oxford University Press)
  • David Caldwell, "The Lewis Chessmen: Unmasked" (Trustees of National Museums Scotland, 2010)

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lewisbrikkene

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Lewis chessmen» henta frå Wikipedia på engelsk 18. juni 2007.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!