Radøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Radøy kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1260
Fylke Hordaland
Adm.senter Manger
Areal 110 km²
Folkemengd 4 944 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Jon Askeland (Sp)
Målform Nynorsk
Nettstad www.radoy.kommune.no/
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1260.svg
Radøy kommune på Commons


Radøy er ein kommune i Hordaland fylke, i Nordhordland. Kommunen omfattar størsteparten av øya Radøy og ein del omliggande øyar. Kommunen grensar i aust til Lindås kommune, over fjordane som ellers omgir Radøy, ligg Meland i sør, Øygarden i vest og Austrheim i nord. I 1964 vart dei tidlegare kommunane Manger, Sæbø og Hordabø slegne saman til Radøy kommune. I tillegg kom Bognøy frå tidlegare Herdla herad, Straume krins med Fesøy frå Austrheim herad og Sletta krins frå Lindås herad. Titland som tidlegare hadde høyrt til Sæbø, vart overført til Lindås kommune.

Vestnorsk Utvandringssenter ligg på Sletta på Radøy.

Den kjende bordtennisspelaren Tommy Urhaug, som har VM- og EM-gull i idretten sin er oppvaksen og bur i kommunesenteret Manger.

Kommunevåpenet[endre]

Motivet på kommunevåpenet symboliserer båtfunnet på Mangersnes, eit av dei eldste funna av småbåtar i Noreg, og er to svarte keipar på gul botn. Kommunevåpenet er teikna av Even Jarl Skoglund og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 14. juni 1991.

Fotnotar[endre]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.