Luoyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Manshui-brua over elva Yi
Gamlebyen i Luoyang
Plasseringa av Luoyang-prefekturet i Henan

Luoyang (kinesisk: 洛阳; pinyin: Luòyáng) er eit byprefektur vest i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 15 692 km² og hadde vel 6,5 millionar ibuarar i 2010. Elva Yi renn gjennom Luoyang.

Byprefekturet Luoyang omfattar seks bydistrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og åtte fylke (县 xiàn).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagt i det 11. hundreåret f.Kr. og heitte då Chengzhou (成周). Luoyang vart hovudstad for det austlege Zhou-dynastiet i 770 f.Kr. Byen vart øydelagt i 510 f.Kr. under ein borgarkrig, men vart gjenoppbygd året etter.

Den fyrste buddhistiske kultbygninga i det eigentlege Kina, Baimasi, vart etablert her i år 68 e.Kr. av keisar Mingdi.

Byen hadde på den tid ein stor, keisarleg skule med 30 000 studentar. Her i Luoyang dokumenterte Cai Lun oppfinninga av papiret og arbeidde astronomen Zhang Hen. Etter Han-dynastiet fall forfatta Zuo Si diktet Dei tre hovudstader, eit verk som er bevart og som mellom anna handlar om byen Luoyang.

Sui-dynastiet valde Luoyang til hovudstad for riket. Byen vart raskt bygt opp att etter omfattande øydeleggingar, og skal etter seiande ha hatt ein million ibuarar. I 1971 fann arkeologar eit kornlager frå Sui-tida som var stort nok til å kunne verne 250 000 tonn grøde frå fukt og utøy. Tang-dynastiet flytta rikshovudstaden til Chang'an.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Byen har flysamband over Luoyang Beijiao lufthamn.

I Luoyang stansar toga på Longhaibanen, Kinas viktigaste jarnbanelinje i aust-vest-retning, som strekker seg frå Lianyungang til Lanzhou via mellom andre Xuzhou, Kaifeng, Zhengzhou, Weinan og Xi'an.

Kinas riksveg 310 går gjennom området. Denne viktige trafikkåra tek til i Lianyungang i Jiangsu, fører så vestover og endar i Tianshui i provinsen Gansu. Ho er innom storbyar som Xuzhou, Shangqiu, Kaifeng, Zhengzhou før ho er innom Luoyang og går vidare til Xi'an.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Luoyang

Kjelder[endre | endre wikiteksten]