Weinan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Weinan (gul) si plassering i Shaanxi
Vesttoppen av Hua Shan

Weinan (kinesisk: 渭南; pinyin: Wèinán) er eit byprefektur i provinsen Shaanxi i det sentrale Kina, litt aust for metropolen Xi'an. Prefekturet dekker eit areal på 13 134 km² og har om lag 5,29 millionar ibuarar.

Byprefekturet Weinan omfattar eitt bydistrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og åtte fylke (县 xiàn). Byen Weinan ligg i Wei He-dalen på Guanzhongsletta, ved jarnbanelinja mellom Xi'an og Zhengzhou, hovudstaden i naboprovinsen Henan.

Søraust i byprefekturet reiser fjellmassivet Hua Shan seg, eit av Kinas fem mektige fjell.

Historikaren Sima Qian var fødd i Weinan.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Jordbruksproduksjonen i området er mellom anna basert på egg-produksjon, kveite og bomull. Også kiwifrukt, såkalla kinesiske stikkelsbær, vert dyrka.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Longhaibana, Kinas viktigaste jarnbanelinje i aust-vest-retning, som strekker seg frå Lianyungang til Lanzhou, stoppar i Weinan.

Kinas riksveg 108 går gjennom området. Riksvegen tek til i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sørover til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravingar vitnar om at Weinan var eit kulturområde allereie under det vestlege Zhou-dynastiet.

I 1556 var fylket Hua i Weinan episenter i det mest daudbringande av alle historiske jordskjelv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]