Euphoria av Loreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Euphoria»
Singel av Loreen
Land Sverige
Språk Engelsk
Utgjeve 2012
Lengd 3:01
Låtskrivar(ar) Thomas G:son og Peter Boström
Loreen-kronologi
«Sober»
(2011)
«Euphoria»
«Euphoria»
Eurovision Song Contest 2012
Land Sverige
Artist(ar) Lorine Zineb Nora Talhaoui
Alias Loreen
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Thomas G:son og Peter Boström
Resultat
Semifinalepoeng 181
Semifinaleplass 1
Finalepoeng 372
Finaleplass 1
Sverige i Eurovision Song Contest
«Popular»
(2011)
«Euphoria»

«Euphoria» er det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2012, framførd av Loreen. Teksten er skriven på engelsk.

Melodifestivalen 2012[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer ti i den fyrste semifinalen etter «Jag reser mig igen» av Thorsten Flinck og Revolutionsorkestern. Bidraget fekk totalt 160 351 røystar, 78 121 i den fyrste runden og 82 230 i den andre runden, og gjekk vidare til finalen.

Songen starta som nummer seks i finalen etter «Baby Doll» av Top Cats og før «Soldiers» av Ulrik Munther. Bidraget fekk tolv poeng frå Estland, Kypros, Bosnia-Hercegovina, Tyskland, Irland og Noreg, ti poeng frå Frankrike, Ukraina og Malta, seks poeng frå Belgia og Storbritannia og 670 551 røystar frå Sverige. Det vart tilsaman 268 poeng og songen vann av totalt ti bidrag.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som éin av dei ti siste i den andre semifinalen, og gjekk vidare til finalen. Her vann han med 372 poeng, [1] og sette rekord i å få flest tolvpoengarar. «Euphoria» fekk 12 poeng frå heile 18 forskjellige land. [2]

Melodifestivalen 2013[endre | endre wikiteksten]

Som opningsnummer i den fyrste semifinalen i Melodifestivalen 2013 framførde Gina Dirawi songen, då med ein nyskriven svenskspråkleg tekst og med tittelen «Euforia». Ein del av melodien til «Amazing» av Danny Saucedo vart òg teken med i den nye versjonen. Teksten er skriven av Edward af Sillén og Daniel Réhn.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Mal:Svenske songar i Eurovision Song Contest