Loreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For songen med same namn, sjå Loreen av Saulės Broliai.
Loreen då ho vann Eurovision Song Contest 2012.

Lorine Zineb Noka Talhaoui, kjend som Loreen, (fødd 16. oktober 1983) er ei svensk songarinne og låtskrivar. Ho har tidlegare delteke i Idol, og representerte Sverige i Eurovision Song Contest 2012, der ho vann med songen «Euphoria».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Loreen vart fødd i Stockholm i 1983, men flytte seinare til Västerås, der ho voks opp. Begge foreldra hennar er marokkanske. Fyrste gongen Loreen vart kjend som musikar var då ho deltok i den svenske versjonen av Idol i 2004. Der vart ho den siste som vart røysta ut før finalen og enda på fjerdeplass.

Etter Idol var ho ei tid tilsett som programleiar for den svenske kanalen TV400. Dessutan vart ho nytta som røystskodespelar i den svenske dubbinga av Shrek den tredje i 2007 og i Smurfene i 2011.

I 2011 deltok ho i Melodifestivalen med songen «My Heart Is Refusing Me», men slo ikkje gjennom. Den svenske Eurovision-representanten dette året vart i staden Eric Saade.

I Melodifestivalen 2012 forsøkte Loreen på nytt med songen «Euphoria». Denne gongen vann ho tevlinga med 268 poeng, 70 poeng meir enn andreplassen, Danny Saucedo. Ho fekk dermed representere Sverige i Eurovision Song Contest 2012 i Aserbajdsjan.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Same veka som finalen gjekk av stabelen kom det til «diplomatisk krise» mellom Aserbajdsjan og Sverige etter at Loreen fekk møta menneskerettsforkjemparar i landet. Ei aserbajdsjansk avis skreiv nemleg at den svenske ambassadøren i landet, Mikael Eriksson, skulle ha oppfordra Loreen til å koma med politiske ytringar frå scena. [1] I tillegg var ho nær ved å verte diskvalifisert då ho fekk spørsmål om menneskerettssituasjonen i Aserbajdsjan av di det ikkje er lov å blande inn politikk i Eurovision Song Contest.[2]

Loreen deltok i den andre semifinalen i Baku 24. mai 2012, saman med mellom anna norske Tooji. «Euphoria» var på førehand rekna som ein av dei store favorittane dette året. [3] Både Loreen og Tooji gjekk vidare til finalen.

«Euphoria» vann finalen med 372 poeng, [4] og sette rekord i å få flest tolvpoengarar. «Euphoria» fekk tolv poeng frå heile 18 ulike land. [5]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Mal:Deltakarar i Melodifestivalen 2011

Mal:Vinnarar av Melodifestivalen


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Loreen