Malojapasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei øvste hårnålssvingane på sørvestsida av Malojapasset

Malojapasset er ein fjellovergang, 1 815 meter over havet, i den sveitsiske kantonen Graubünden, mellom Engadin i nordaust og Val Bregaglia i sørvest. Vasskiljet mellom Svartehavet, via elvane Inn og Donau på den eine sida, og Middelhavet med elvane Mera, Adda og Po på den andre, går over passhøgda.

Vegen til Malojapasset stig frå Vicosoprano på sørvestsida 750 meter på 19 km. Nordaustsida er meir som eit platå, vegen stig nesten umerkeleg fram mot passhøgda. Høgdeskilnaden mellom passet og St. Moritz, som ligg 15 km lenger mot nordaust, er 50 m. Den italienske byen Chiavenna, som ligg 32 km sørvest for passet, er nesten 1 500 meter lågare.

Malojapasset dannar også ei kulturell og lingvistisk grense, sidan det er nært samanfallande med skiljet mellom tyske og retoromanske språk i nord og det italienske i sør.

Julierpasset og Malojapasset var lenge ein viktig alpe-travers som knytte saman Chur og områda lenger nord, St. Gallen og Tyskland, med Milano i Italia. Denne rolla minka først med opninga av San Bernardino-tunnelen.

Fjellvegen over Malojapasset er heilårsveg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Malojapasset