Manuela Di Centa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manuela Di Centa

Fødd31. januar 1963 (61 år)
Paluzza
Statsborgar avItalia
PartiForza Italia
Yrkepolitikar, langrennsløpar, friidrettsutøvar, journalist, programleiar, fjellklatrer
EktefelleFabio Meraldi
MedlemDen internasjonale olympiske komitéen
Alle verv
  • medlem av Deputertkammeret (2008–2013)
  • medlem av Deputertkammeret (2006–2008) Sjå dette på Wikidata

Manuela Di Centa (fødd 31. januar 1963) er ein italiensk politikar og tidlegare langrennsløpar, fødd i Paluzza i Friuli-Venezia Giulia. Ho vart olympisk meister på 15 km og 30 km under vinter-OL 1994Lillehammer, og tok elles seks sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar i ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar i tida 1991-98. Åra 2006-13 var ho representant for Forza Italia og Fridomsfolket i det italienske parlamentet. Giorgio Di Centa er ein yngre bror.

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Di Centa deltok i sine fyrste olympiske leikar i Calgary i 1988, med ein sjetteplass på den avslutande 20-kilometeren som klart beste resultat. Under VM på italiensk heimegrunn i Val di Fiemme i 1991 tok ho tre medaljar, to individuelle bronsar og ein sølvmedalje med stafettlaget. Året etter var det bronsemedalje med det italienske stafettlaget under OL 1992 i Albertville. I 1993 fekk Di Centa med seg to sølvmedaljar frå ski-VM i Falun, fyrst i stafetten og til sist på 30 km.

Høgdepunktet i hennar år som langrennar kom under OL på Lillehammer i 1994, der ho vann både 15 km fristil og 30 km i klassisk i stil. I tillegg tok ho sølv i 10 km jaktstart og 5 km klassisk stil, samt ein ny OL-bronse på 4×5 km stafett med Italia. I 1995 tok ho to medaljar i ski-VM i Thunder Bay, sølvmedaljen på 30 km og bronsen på 5 km. I sitt siste OL i 1998 i Nagano, var ho for tredje gong med på å ta OL-bronse i stafetten.

Manuela Di Centa vann verdscupen i langrenn i 1994 og 1996. I perioden 1990-96 vann ho 14 verdscuprenn i langrenn, attåt triumfane under OL på Lillehammer. Ho vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1996.

I 2003 var ho den fyrste italienske kvinna som kleiv til topps på Mount Everest.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Frå 2000 var Di Centa medlem av Italias olympiske komite, og i den eigenskap ei leiarrolle under vinter-OL 2006 i Torino.

I 2004 var ho ein av Forza Italia sine kandidatar til EU-parlamentet, eit val der ho ikkje nådde opp. To år seinare vart ho i staden vald inn i det italienske parlamentet for same partiet i valkrinsen Trentino-Alto Adige. I 2008 vart ho attvald, då på ei liste for koalisjonen Fridomsfolket, der Forza Italia var det leiande partiet. Ved parlamentsvalet 2013 mislukkast ho å verte attvald for ein tredje periode.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar