Marisko
| Marisko | ||
|
Status i verda:
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Magnoliopsia | |
| Orden: | Asparagales | |
| Familie: | Orchidaceae | |
| Slekt: | Cypripedium | |
| Art: | C. calceolus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Cypripedium calceolus | ||
Marisko (Cypripedium calceolus) er ein plante i orkidéfamilien (marihandfamilien Orchidaceae) som veks i heile Norden. Den er ikkje sjeldan, men freda i heile Noreg då den er avhengig av gamalskog for å vekse, og av di den vert mykje plukka. Blomen står på Norsk raudliste for trua artar på nivå NT (Nær Truga).
Den særprega utsjånaden har gjeve blomen fleire lokale namn i Noreg: Jomfru Maria gullsko (Etnedal, Lavangen), tøffel (Arendal), Olavsbolle (Fyresdal), Hellig Olavs tøffel (Troms), Marias bolle (Røyken) og bjønnsko (Hattfjord).
Ein marisko får som oftast ein eller to blomar, som blir rekna av fleire til å vere dei venaste viltveksande blomane i Noreg. Dei blir som regel 30-50 cm høge, og står i grupper på, frå nokon få til fleire titals individ.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Eit særdrag med marisko er den tøffelforma, hóle leppa (hjå denne arten lysgul og fast, med ein voksliknande konsistens). Denne leppa er, når blomen blømer, særs framtung, og gjer sånn at blomen bøyer seg. Framom dei raudflekka blada, finst den opningen som leier inn til leppa si hóle, som er fylt med nektar. Eit insekt som kryp ned denne vegen, passerer over ein stor, tungeliknande staminodier, som då vert dekka av pollen om insektet har med pollen utanfrå. I botnen av «tøffelen» finn insektet korte, saftfylte hår, som det et på. Men tøffelen si form hindrar insektet å koma opp til munningen att, der den kom inn, og før eller seinare oppdagar det fanga insektet to små opningar ved tøffelen sitt festepunkt. Men berre småinsekt kan trenge seg ut av dei tronge opningane, og større insekt vert innestengde og døyr inne i leppa. Dei to fertile knappane sit i vegen ved kvar av dei to utgangane, og når insekt trengjer seg ut, blir dei difor dekt av pollen. Blomen si leppe er altså ei felle som er meint til å halde på insekta ei tid, så dei kan bli pollinerte.
[endre] Utbreiing
Ein finn marisko i eit band frå Europa aust gjennom Asia til Stillehavet. Marisko veks spreidd og sjeldant i lauv- eller furuskog på kalkhaldig jord i Norden. I Bøverdalen veks den opp til 1150 moh.
Planten var tidlegare utbreidd i heile Nord-England, særleg i kalkhaldige delane av Yorkshire Dales.[2] Ved slutten av 1900-talet kjende ein berre til éin einsleg plante i ein av dalane.[3] Tilbakegangen til planten i Storbritannia blir forklart med sanking til hagar og botanikksamlingar, men kan også koma av skogrydding i vekstområdet følgd av sauebeiting.[4] Ein driv idag med reintroduksjon av planten i Yorkshire Dale, og talet har auka til fleire hundre.[5][6]
[endre] Marisko i kulturen
Snåsa kommune har marisko på våpenskjoldet, medan marisko er fylkesblome for Nord-Trøndelag.
I England finst Marisko berre i Yorkshire.
Marisko hadde tidlegare sin eigen plantefamilie, Fruesko-familien (Cypripediaceae)
[endre] Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Cypripedium calceolus» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2010.
[endre] Fotnotar
- ↑ Søk i Rødlistebasen for arter
- ↑ Endangered Plants, Jan Čeřovský (1995) ISBN 1-85778-101-5
- ↑ LADY’S-SLIPPER ORCHID Cypripedium calceolus SPECIES ACTION PLAN yorkshiredales.org.uk
- ↑ Britain’s Rare Flowers, Peter Marren (1999) ISBN 0-85661-114-X
- ↑ Lady’s-Slipper Orchid Cypripedium calceolus Species Action Plan Yorkshire Dales National Park Authority
- ↑ Phillip Cribb (July 2003). "Orchid Research Newsletter No. 42". http://www.kew.org/herbarium/orchid/orn42.html.