Markråkar
| Markråkar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Coraciiformes | |
| Familie: | Brachypteraciidae | |
Markråkar, Brachypteraciidae, er ein liten fuglefamilie av ikkje-trekkjande fuglar endemiske til Madagaskar. Dei er knytt til isfuglar, bietarar og råkar. Dei liknar mest på sistnemnte gruppe, og blir somme tider sett på som ein underfamilie av dei eigentlege råkar. Markråkar har storleik som kråker, 25-49 centimeter i lengd, og kroppsbygging som råkar. Som råkar jaktar dei reptil og store insekt. Dei er meir bakkelevande enn artar av råkar, og dette er reflektert med lengre bein og kortare, meir avrunda venger.
Samanlikna med råkar er markråkar mindre fargerike, og dei har stripete eller flekka fjørdrakt. Dei er mykje meir unnvikande og sky enn slektningane sine, og er vanlegvis vanskelege å finne i dei gassiske skogane.[1] Ofte er det song i spel som røper nærværa deira.
Desse fuglane hekkar som einsleg par i hòl i bakken som dei grev ut sjølv, i motsetnad til råkar som sjeldan hekkar i bakkehol, og sjølv då grev dei ikkje ut hòl for eigne reir.[1]
Artsliste [endre]
Dei fem artane er:[2]
- Brachypteracias
- Tjukknebbmarkråke, Brachypteracias leptosomus
- Skjellmarkråke, Brachypteracias squamiger
- Atelornis
- Pittamarkråke, Atelornis pittoides
- Rustmarkråke, Atelornis crossleyi
- Uratelornis
- Langhalemarkråke, Uratelornis chimaera
Bakgrunnsstoff [endre]
- Markråkar i videoar, bilete og lydopptak hos Internet Bird Collection.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ground Roller» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2010
Referansar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Forshaw, J. & Kemp, A. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 147. ISBN 1-85391-186-0.
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)