Råkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Råkar


Savanneråke, Coracias caudatus
Savanneråke, Coracias caudatus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Coraciiformes
Familie: Coraciidæ

Råkar ein biologisk familie, Coraciidæ, av tolv fugleartar som lever i «den gamle verda». Dei har nær slektskap med sporvefuglar. Råkar liknar kråker i storleik og kroppsbygging, og deler den fargerike utsjånaden med isfuglar og bietarar, der blått og rosa eller kanelbrunt er dominerande fargar. Dei to indre framtærne er samanvaksne, men ikkje den ytre tåa.

Dei er hovudsakleg insektetarar, Eurystomus-artane snappar bytte i flukt, og artane i slekta Coracias stuper ned frå greiner ned mot bakken for å fange bytte, som store varslarar gjer.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Råkefamilien Coraciidae er éin av ti familiar i den biologiske ordenen Coraciiformes, råkefuglar, som òg omfattar motmotar, bietarar, todiar, markråkar, kurol og isfuglfamilien og tre andre familiar.[1] Om ein ser bort frå markråkar, er ikkje desse familiane særleg tett knytt til råkar, og Coraciiformes er difor truleg ei polyfyletisk gruppe.[2][3] Delingen av råkar i to slekter er ukontroversielt.[4]

Dei tolv artane er:[1][5]





Den vitskaplege forma for familienamnet refererer til latin 'coracium', «som ein ramn», og det engelske namnet 'roller' kjem av dugleiken i luftakrobatikk som nokre av desse fuglane syner under paringsleik eller markering av territorium.[6].

Morfologi og utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Råkar liknar kråker i storleik og kroppsbygging, lengda varierer frå 25 til 27 centimeter. Dei deler den fargerike utsjånaden med isfuglar og bietarar, der blått og rosa eller kanelbrunt er dominerande fargar.[7] Råkar har tilsvarande generell morfologi som slektningane sine i den den biologiske ordenen Coraciiformes, med store hovud på korte nakkar, ljos fjørdrakt, svake føter og korte bein. Dei to indre framtærne er vaksne saman, men ikkje den ytre tåa.[7] Veikskapen til føter og bein reflekterer levemåten, dei flyttar seg ikkje rundt på greiner, og på bakken brukar dei ikkje føtene anna enn til sporadiske sprang for å følgje etter rømte byttedyr. Nebbet er robust, og er kortast, men breiast i slekta Eurystomus, som nokre gonger blir kalla breinebba råkar. Breinebba råkar har lyst farga nebb, medan dei i slekta Coracias har svarte nebb. Andre skilnader mellom dei to slektene er i lengda på venger, Eurystomus-råkar har beste eigenskapar i lufta med hjelp av lengre venger, har òg kortare føter enn Coracias-råkar, dette reflekterer skilnadene i ernæringsøkologi.[8] Lydytringane deira er gjentatte korte, grove 'kå'.[7]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Råkar finst i varmare delar av «den gamle verda». Afrika har dei fleste artane, og ein antar at familien har opphav derfrå. Dette blir støtta av det faktumet at dei nærskylte markråkar finst på Madagaskar.[4] Blåråke er ein gjennomført trekkfugl, som hekkar i Europa og overvintrar i Afrika. I stor grad forlét òg orientråke hekkeområdet sitt om vinteren. Andre artar er standfuglar eller trekkjer korte distansar.[9]

Dette er fuglar som føretrekk opne habitat med tre eller andre høge utkikkspostar for jakt.[4]


Levevis[endre | endre wikiteksten]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Råkar er bråkete og aggressive når dei forsvarar hekketerritoriet som dei patruljerer medan dei syner fram den slåande fjørdrakta. Inntrengjarar blir åtaka med skremmande rullande stup.[4] Dei er monogame og hekkar i ufora hòl i tre eller i mur. Storleiken på kullet er 2-4 egg i tropane, og 3-6 ved høgare breiddegradar. Egga, som er kvite, blir klekte etter 17-20 dagar, og ungane held seg deretter i reiret i ca. 30 dagar.[6] [5] Egglegginga har ein dags intervall, så om det blir lite tilgang på mat, vil berre dei eldste og største ungane få mat. Ungane er nakne, blinde og hjelpelause når dei blir klekt.[4]

Diett[endre | endre wikiteksten]

Coracias-råkar er jegerar som sit på post i eit tre eller anna høgd før dei stig ned på byttet sitt, og ber det tilbake i nebbet før dei deler det opp. Dei tek eit breitt spekter av terrestriske virvellause dyr og små virveldyr, som froskar, øgler, gnagarar og unge fuglar. Dei tar òg bytte som mange av mange andre fuglar unngår, slik som hårete larvar, insekt med varselfarge og slangar.[4]

Eurystomus-råkar jaktar i flukt, slår ned på flygande biller, grashopper og andre insekt som dei knuser med det breie, djupe nebbet sitt og dei et òg i flukta. Molukkråke og orientråke vil jakte enorme svermar av termittar og maur som flyg ut etter torevêr. Titals eller hundrevis av råkar kan trekkjast mot store svermar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Clementslista frå desember 2009. Nedlasting av lista, lese 4. juni 2010
  2. Sibley, Charles G (1960). «The electrophoretic patterns of avian egg-white proteins as taxonomic characters». Ibis 102 (2): 215–284. 
  3. Hackett, S. et al. (2008) "A phylogenomic study of birds reveals their evolutionary history " Science 320 (5884) 1763–1768
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Fry, C. Hilary; Fry, Kathie; Harris, Alan (1992). Kingfishers, Bee-eaters and Rollers. Christopher Helm. ISBN 0-7136-8028-8
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  6. 6,0 6,1 Forshaw, J. & Kemp, A. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 145–147. ISBN 1-85391-186-0. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Fry, C. Hilary (2003). «Rollers». I Perrins, Christopher. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ss. 380–381. ISBN 1-55297-777-3. 
  8. Fry, C. (2001). «Family Coraciidae (Rollers)». I del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew; Sargatal, Jordi. Handbook of the Birds of the World. Volume 6, Mousebirds to Hornbills. Barcelona: Lynx Edicions. ss. 342–369. ISBN 978-84-87334-30-6. 
  9. Fry (1992) 98–102

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Råkar