Metrosideros umbellata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metrosideros umbellata
Metrosideros umbellata
Metrosideros umbellata
Utbreiing
Utbreiinga av Metrosideros umbellata
Utbreiinga av Metrosideros umbellata
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Underfamilie: Myrtoideae
Stamme: Metrosidereae
Slekt: Metrosideros
Art: M. umbellata
Vitskapleg namn
Metrosideros umbellata

Metrosideros umbellata (engelsk Southern rātā) er eit tre i Metrosideros-slekta som er endemiskNew Zealand. Treet kan nå ei høgd på 15 meter eller meir, medan stammen kan få ein diameter på over 1 meter.

Sørleg rātā skil seg frå nordleg rātā ved å sjeldan veksa som epifytt i andre tre.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

M. umbellata har skarlagensraude blomar med mange mjølberarar som er rundt 2 cm lange. Det førekjem også kvite eller gule blomar. Treet blømer som regel mellom desember og februar, men dette variere etter lokale tilhøve. Blada er frå 3 til 6 cm lange, med ein skarp spiss. Veden er hard og særs sterk. Treet har grov, flakande bork som dannar ein god veksestad for røtene til epifyttar som Astelia-artar og kiekie (Freycinetia banksii).

Sørleg rātā i sitt sørlegaste vekseområde på Aucklandøyane, 50°S

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten føretrekke kjølege område med mykje nedbør. Han er særleg vanleg langs vestkysten av Sørøya på New Zealand, men finst ikkje på mykje av austsida. Han finst også på Nordøya frå breiddegrad 36° og sørover. Arten er også vanleg på Stewart Island/Rakiura (47°S) og på Aucklandøyane, der han når sørgrensa for utbreiingsområdet sitt like forbi 50°S.

Til forskjell frå fleire andre Metrosideros-artar blir ikkje M. umbellata rekna som truga, sjølv om han er uvanleg på Nordøya. I nokre område blir han likevel eten av den innførte pungreven, som truger dei andre artane. I Tararuafjella verker sørleg rātā å ha blitt erstatta av ein hybridpopulasjon av nordleg og sørleg rātā.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Sørleg rātā er ei viktig honningkjelde på vestkysten av Sørøya. Fuglar som kaka, tuihonningetar og maorihonningetar vitjar treet for å nytta seg av dei store nektarmengdene det har.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteraturliste

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Metrosideros umbellata
Vidare lesing
  • Salmon, J.T., 1986. The Native Trees of New Zealand. Wellington: Heinneman Reed.
  • Simpson, P., 2005. Pōhutukawa & Rātā: New Zealand's Iron-Hearted Trees. Wellington: Te Papa Press.