Max Euwe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skulptur av Euwe i Amsterdam av kunstnaren José Fijnaut

Machgielis (Max) Euwe (20. mai 190126. november 1981) var ein nederlandsk stormeister i sjakk, matematikar og forfattar. Han var den femte verdsmeisteren i sjakk, i åra 1935-1937. Euwe var også president i Verdssjakkforbundet FIDE, frå 1970 til 1978.

Utdanning og yrke[endre | endre wikiteksten]

Dr Max Euwe var fødd i Watergraafsmeer, nær Amsterdam. Han studerte matematikk ved Universitetet i Amsterdam, der han tok doktorgrada i 1926. Han var deretter lærar i matematikk i Rotterdam, og seinare ved ein skule for jenter i Amsterdam.

Tidleg sjakkariere[endre | endre wikiteksten]

Euwe vann alle meisterskap i sjakk for Nederland som han deltok i mellom 1921 og 1952, og dessutan i 1955. 12 meisterskap er framleis rekord.

Han vann FIDE sin verdmeisterskap for amatørar i Haag i 1928, med 12 poeng av 15 moglege.

Euwe hadde familie, og kunne i utgangspunktet berre spele konkurransesjakk i skuleferiar. Han hadde dermed vanskar med å kunne delta i internasjonale sjakkturneringar. Men han gjorde det godt i dei få turneringane og tvikampane som han kunne finne tid til frå tidleg på 1920-talet til midt på 1930-talet.

Reuben Fine sa at "Euwe sine hovudsaklege internasjonale framgangar kom i form av knepne tap" - men desse tapa var i tvikampar mot verda sine beste spelarar: Alekhine (1926), Capablanca (1931) og Spielmann (1935); og Euwe spelte uavgjort i ein kamp med Flohr i 1932. Spelestyrken auka jamnt, og frå 1932 var han og Flohr rekna som verdsmeisteren Alekhine sine mest truverdige utfordrarar.

I Zürich i 1934 vart Euwe nummer 2, berre etter verdsmeistaren Alexander Alekhine, og han vann mot Alekhine i partiet dei i mellom. På denne tida, i dei åtte åra mellom 1927 og 1935 tapte Alekhine berre seks parti i sjakkturneringar.

Verdsmeister[endre | endre wikiteksten]

Den 15. desember, 1935 etter 30 parti spela i 13 ulike byar rundt om i Nederland i ein periode på 80 dagar, vann Euwe mot Alekhine med 15,15-14,5. Eiwe vart dermed den femte verdsmeisteren i sjakk. Alekhine tok tidleg ei leiing med to sigrar meir enn Euwe, men frå det 13. paritet vann Euwe dobbelt så mange parti som Alekhine.

Tittelen gav eit stort oppsving for sjakk i Nederland. Dette var også den første verdsmeisterkampen der spelarane hadde sekundantar til å hjelpe seg å analyser partia som var blitt avbrotne som hengeparti.

Euwe sin siger var svært overraskande, og av og til blir Alekhine sine alkoholproblem nemnt som grunnen. Men Salo Flohr, som var Euwe sin sekundant i tvikampen, meinte at overdriven sjølvtillit var eit større problem for Alekhine i tvikampen enn alkohol, og Alekhine hadde også sagt at han ville kome til å vinne lett.

Verdsmeistrane Vassilij Smyslov, Boris Spasskij, Anatolij Karpov og Garri Kasparov har alle analysert partia i tvikampen for eige formål, og har gitt uttrykk for at Euwe fortente å vinne, og at spelet i tvekampen var på verdsmeisternivå. Tidlegare verdsmeister Vladimir Kramnik har uttalt at Euwe vann fortent, og at resultatet ikkje hadde noko med Alekhine sitt alkoholforbruk før eller under kampen.

Euwe gjorde det også godt i turneringane i Nottingham i 1936 og AVRO-turneringa i 1938. Han var nok ikkje så dominerande som tidlegare verdsmeistrar til dels hadde vore, men det var ingen som var klart betre dei par åra Euwe var verdsmeister.

Euwe tapte titteln i ein omkamp mot Alekhine i 1937. Omkampen vart også spela i Nederland. Alekhine vann så klart som 15,5-9,5. Alekhine hadde slutta med alkohol som ein del av førebuingane til omkampen - men han starta å drikke igjen etterpå. Alkehine møtte også godt førebudd, og kampen var lenge tett. Men Euwe kollapsa mot slutten, og tapte fire av dei fem siste partia.

Desse to VM-kampane mot Alekhine er kjernen i Euwe si sjakk-karriere.

Seinare sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Euwe fekk ein delt fjerdeplass med Alekhine og Reshevsky i AVRO-turneringa i Nederland i 1938. Turneringa hadde 8 av dei beste spelarane i verda, og var meint å skulle avgjere kven som skulle få utfordre verdsmeisteren Alekhine til neste VM-kamp.

Euwe spelte ein tvikamp mot Paul Keres i Nederland i 1939-40. Denne tapte han knipe 6,5-7,5. Etter andre verdskrigen vart Euwe nr 2 i turneringa i Groningen, etter Mikhail Botvinnik.

Alekhine døydde i 1946, og Verdssjakkforbundet FIDE arrangerte i 1948 ei turnering mellom fem spelarar for å kåre ny verdsmeister. Euwe var med i denne turneringa, men vart klart sist.

Den siste store turneringa Euwe var med i var kandidatturneringa i Zürich i 1953, der han blei nest sist av 15 deltakarar.

Euwe spelte for Nederland i sju sjakkolympiadar, frå 1927 til 1962, alltid på første bord. Han klarte 10.5/15 i London 1927, 9.5/13 i Stockholm 1937 - dette gav ei bronsemedalje for prestasjonen på bordet, 8/12 i Dubrovnik 1950, 7.5/13 i Amsterdam 1954, 8.5/11 i München 1958 - gav sølvmedalje for prestasjonen på vbordet i ein alder av 57, 6.5/16 i Leipzig 1960, og til sist 4/7 i Varna 1962. Samanlagt ver dette 54.5/87, eller 62.6 %.

I 1957 spelte Euwe ei liten tvikamp mot den då 14 år gamle framtidige verdsmeisteren Bobby Fischer. Euwe vann det eine partiet, det andre partiet vart remis.

FIDE-president[endre | endre wikiteksten]

Frå 1970, då han var 69 åt gamal, og til 1978 var Euwe president i Verdssjakkforbundet FIDE. Han hadde ein vanskeleg jobb. Sovjetunionen var den dominerande sjakkstormakta, og dette var midt under den kalde krigen. I ettertid har han fått stort sett positive vurderingar for innsatsen. At det lét seg gjere å gjennomføre VM-kampen i Reykjavik i 1972 mellom Bobby Fischer og Boris Spasskij var også hans forteneste.

  • Spasskij: "Han gjorde rett i å ikkje diskvalifisere Fischer, og han skulle ha vore litt tøffare med sovjetarane .... her var ein haug med kompliserte problem. Men Euwe var sjølvsagt rette mann for jobben."
  • Yuri Averbakh, som både var sovjetisk sjakkadministrator og stormeister: "Han forsøkte alltid å forstå motparten sine synspunkt ... dette var i skarp kontrast til oppførselen til leiarane i delegasjonen frå Sovjetunionen ... Max Euwe var, utan tvil, den beste presidenten FIDE nokon gong har hatt."

Euwe døydde i 1981, i ein alder av 80, av eit hjarteåtak.

Euwe sine sjakkbøker[endre | endre wikiteksten]

Euwe skreiv meir enn 70 sjakkbøker, langt fleire enn nokon annan verdsmeister i sjakk. Mange av desse er rekna som svært gode.

Berømte sjakkparti[endre | endre wikiteksten]

Sitat[endre | endre wikiteksten]

- Under arbeid! -

  • "Strategy requires thought; tactics requires observation." - Max Euwe
  • "Does the general public, do even our friends the critics realize that Euwe virtually never made an unsound combination? He may, of course, occasionally fail to take account of an opponent's combination, but when he has the initiative in a tactical operation his calculation is impeccable." – Alexander Alekhine
  • "If Richard Reti was interested only in the exceptions to positional rules, then Max Euwe believed perhaps a little too much in their immutability." – Alexander Alekhine
  • "He is logic personified, a genius of law and order. One would hardly call him an attacking player, yet he strides confidently into some extraordinarily complex variations." – Hans Kmoch
  • "Euwe can only breathe freely when he is smothered in work." – Hans Kmoch
  • "Euwe resting would not be Euwe. His star is work, work, and more work. Work is his entertainment, his strength and his destiny." – Hans Kmoch
  • "There's something wrong with that man. He's too normal." – Bobby Fischer

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]