Miriam Makeba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miriam Makeba

Miriam Makeba og Dizzie Gillespie
Fødd4. mars 1932
FødestadJohannesburg  Sør-Afrika
Død10. november 2008 (76 år)
i Castel Volturno  Italia
DødsstadCastel Volturno
FødenamnMiriam Zenzi(le) Makeba
AliasMama Africa
OpphavUnionen Sør-Afrika, Sør-Afrika, Algerie
Aktiv1953–2008
SjangerMarabi, verdsmusikk, folkemusikk, poprock, jazz
InstrumentVokalist
PlateselskapStrut, RCA Victor, Mercury Records, Kapp Records, Collectables, Warner Bros. Records, Reprise Records, Philips Records, Sonodisc
Verka somArtist, musikar, menneskerettsforkjempar
Gift medStokely Carmichael, Hugh Masekela
BornBongi Makeba
Prisarkommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Polar Music Prize, Otto Hahns fredsmedalje, honorary degree from Spelman College, South African Music Awards, Order for Meritorious Service

Miriam Makeba (4. mars 193210. november 2008) var ein sørafrikansk songar som verka innan ei rekkje sjangrar, og blei kjend over heile verda. Makeba bidrog til å gjera afrikansk musikk kjend for eit større publikum. Ho engasjerte seg òg i kampen for menneskerettar, og var ein hard kritikar av det sørafrikanske apartheidregimet. Store delar av livet sitt levde ho i eksil.

Miriam Makeba sin best kjende song er truleg «Pata Pata» frå 1957, følgd av «The Click Song», ei tolking av ein tradisjonell xhosasong som gjer bruk av klikkelydar og swahilisongen «Malaika». Ho samarbeidde musikalsk med ei rekkje artistar, som Harry Belafonte, Dizzie Gillespie, Paul Simon og Hugh Masekela.

Som følgje av antiapartheidarbeidet sitt blei Makeba utestengd frå Sør-Afrika i 1960-åra. Etter eit vitnesbyrd for generalforsamlinga i SN i 1963 blei ho fråteken statsborgarskapet sitt. Sjølv leia ho ein kultur-boikott av landet. Ho kunne først venda tilbake til fødelandet etter at apartheidstyret fall i 1990.

Makeba var gift fleire gonger. I 1950 fekk ho sitt einaste barn, dottera Sibongile (Bongi). Ho var gift med musikaren Hugh Masakela frå 1962 til 1964. Frå 1968 til 1978 var ho gift med Stokely Carmichael (seinare Kwame Touré). Hans tilknyting til Black Panthers førte til at ho blei utestengd frå musikklivet i USA i ei årrekkje. Paret slo seg ned i Guinea, der Makeba budde i fleire år og blei gjort til SN-utsending for. Etter at dottera hennar døydde i barsel flytta ho til Brussel i Belgia.

Miriam Makeba var aktiv musikar også på sine eldre dagar. Ho døydde av hjarteåtak i 2008 etter å ha opptredd på ein konsert retta mot camorraen (mafiaen) i Napoli.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1960: Miriam Makeba
  • 1960: The Many Voices Of Miriam Makeb
  • 1962: The World Of Miriam Makeba
  • 1963: Makeba
  • 1965: Makeba Sings
  • 1965: An Evening With Belafonte/Makeba (med Harry Belafonte)
  • 1965: The Click Song
  • 1966: All About Makeba
  • 1966: Malaisha
  • 1967: Miriam Makeba In Concert!
  • 1967: Pata Pata
  • 1968: Makeba!
  • 1974: The Promise
  • 1975: Country Girl
  • 1977: Pata Pata
  • 1988: Sangoma
  • 1989: Welela
  • 1991: Eyes On Tomorrow
  • 1993: Sing Me A Song
  • 1994: Promise
  • 1998: Live From Paris & Conakry
  • 2000: |Homeland
  • 2002: Keep Me In Mind
  • 2004: Reflections
  • 2006: Makeba Forever

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1991: Africa 1960-65 recordings
  • 1991: Eyes On Tomorrow
  • 1998: The Best Of Miriam Makeba & The Skylarks: 1956 – 1959 recordings
  • 2000: Mama Africa: The Very Best Of Miriam Makeba
  • 2001: The Guinea Years
  • 2002: The Definitive Collection
  • 2003: The Best Of The Early Years

Filmar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • Come Back, Africa (1960)
  • Sarafina! (1992)
  • Amandla!: A Revolution in Four-Part Harmony (2002)
  • Mama Africa (2011, dokumentar om Miriam Makeba)

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Makeba: My Story (1988, med James Hall)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]