Mulhouse
| Mulhouse | |||
|---|---|---|---|
| Gamlebyen i Mulhouse | |||
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land Region Departement |
Frankrike Alsace Haut-Rhin |
||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
22,18 km² |
||
| Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
110 359 4 976/km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 240 m | ||
| Diverse anna | |||
| Heimeside: www.ville-mulhouse.fr | |||
| Plassering | |||
Mulhouse (elsassisk Milhüsa; tysk Mülhausen, 'møllehus') er ein by aust i Frankrike nær grensa til Sveits og Tyskland. Han er den største byen i departementet Haut-Rhin, og den nest største byen i regionen Alsace etter Strasbourg.
To elvar renn gjennom Mulhouse, Doller og Ill, begge sideelvar til Rhinen.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Dei første nedskrivne kjeldene om Mulhouse går tilbake til 1100-talet. Han var ein del av det sørlege elassiske fylket Sundgau i Det heilage romerske rike. Frå 1354–1515 var Mulhouse ein del av Décapole, ei sameining av frie keisarbyar. Byen vart ein del av Sveits i 1515, og vart derfor ikkje annektert av Frankrike i Freden i Westfalen i 1648, som resten av Sundgau. Han vart så rekna som ein fri republikk knytta til Sveits, før han vart annektert av Frankrike 4. januar 1798, under Direktoriet-perioden.
Etter den fransk-prøyssiske krigen og samlinga av Tyskland høyrte Mulhouse til Det tyske keisarriket som ein del av området Alsace-Lorraine (1870-1918). Byen vart okkupert av franske troppar 8. august 1914 i byrjinga av den første verdskrigen, men dei vart tvungen til å trekke seg tilbake to dagar seinare under Slaget ved Mulhouse. Alsace-Lorraine vart annektert av Frankrike i 1918. Han vart okkupert av Nazi-Tyskland etter Slaget om Frankrike i 1940.
Utviklinga av byen auka i takt med tekstilindustrien og garveria i byen, og etter kvart kjemisk- og verkstadsindustri frå midten av 1700-talet. Mulhouse var derfor nært knytta til Louisiana i USA og Levanten, der han fekk importert bomull frå .
Administrasjon [endre]
Sjølv om Mulhouse er den største byen i Haut-Rhin, er Colmar hovudstad eller préfecture. Mulhouse fekk rang som sous-préfecture i 1857.
Verdt å sjå [endre]
I byen ligg bilmuseet Musée National de l'Automobile de Mulhouse og jernbanemuseet Musée Français du Chemin de Fer. I tillegg finn ein Musée de l’Impression sur Etoffes de Mulhouse, museet knytt til stofftrykk, i byen.