Multimeter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Digitalt multimeter

Multimeter er eit måleintrument som kan måle fleire forskjellige eletriske verdiar. Eit anna namn på multimeteret er AVO-meter (AVO: Ampere, Volt, Ohm).

Enkle multimeter kan måle elektrisk straum og spenning, både konstante verdiar (likestraum og likespenning) og tidsvarierande vediar (vekselstraum og vekselspenning) og elektrisk motstand. Mange multimetre kan òg måle andre parametre, som induktans, kapasitans, straumforsterknigsfaktoren β (eller ) til bipolare transistorar. Mange er òg utstyrte med diodetestarar og nokre med frekvensteljarar. Nokre multimetre kan utstyrast med probar med innbygde sensorar for å måle til dømes temperatur, pH, etc. Multimetre har stor inngangsimpedans når dei måler spenning og svært låg impedans når dei måler straum.

Tidlegare var multimetre analoge, men frå 1990-talet har dei aller fleste multimetra vore digitale. Det vert produsert både små handheldte og større benkmultimetre. Den siste typen har større presisjon og vert ofte nytta til ladoratoriemålingar.

Multimetre syner effektivverdien til vekselstraum og -spenning, men analoge og enkle digitale instrument syner rett effektivverdi berre for sinus-forma kurver. Meir avanserte instrument reknar ut og syner «sann» effektivverdi for alle kurveformer.

Måleområde[endre | endre wikiteksten]

Digitale multimetre (DMM) har ein AD-omformar som omformar dei analoge måleverdiane til binærtal, som så vert handsama i ein innbygd mikrokontroller. Måleområdet varier med prisen på multimetret, men benkmultmetre kan ofte måla spenningar frå nokre μV til rundt ein kV, elektrisk straum frå nA-området til rundt 1 A, motstand frå nokre μΩ til rundt 1 GΩ. Bandbreidda til laboratorieinstrument er ofte rundt 10 MHz.

Presisjon[endre | endre wikiteksten]

Nøyaktigheita til digitale multimetre vert bestemt av oppløysinga (talet på bit) til AD-omformaren og kan oppgjevast i desimalsiffre, i prosent, eller i nV, μV, nA, μA, μΩ, mΩ, Ω, etc.

Spire Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.