Induktans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Induktans er ein eigenskap ved ein elektrisk straumkrins knytt til elektromagnetisk induksjon. Denne eigenskapen vert kalla sjølvinduktans når ei endring av straumen i krinsen fører til at det blir indusert ei elektromotorisk spenning i krinsen. Sjølvinduktansen for ein spole er definert som forholdet mellom den magnetiske flukskoplinga for spolen og straumen som skapar fluksen.

L= \frac{\Phi}{I}

der

L er induktiviteten i henry
I er straumen i ampere
Φ er magnetisk fluks i weber

Flukskoplinga for ein tettvikla spole er lik fluksen gjennom spolen, multiplisert med vindingtstalet til spolen.

L= N\frac{\Phi}{I}

N er vindingstalet.

Gjensidig induktans for to spolar er på tilsvarande måte knytt til den elektromotoriske spenninga som blir indusert i den eine spolen på grunn av endring av straumen i den andre.

Eininga for sjølvinduktans og gjensidig induktans er i SI 1 henry med symbol H. 1 H = 1 weber/ampere. Tidlegare vart denne storleiken kalla induksjonskoeffisient eller berre induksjon.

Kjelder [endre]

induktans. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/induktans