Musala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Musala
Musala sett frå Jastrebets. Ein kan òg sjå fjellhytta Musala og uvêrshytta Everest.
Musala sett frå Jastrebets. Ein kan òg sjå fjellhytta Musala og uvêrshytta Everest.
Høgd over havet 2 925 meter
Ligg i/på Bulgaria
Fjellkjede Rila
Primærfaktor 2 473 meter
Koordinatar 42°10′47″N 23°35′12″E
Lettaste rute Hengebane frå Borovets, og så ein gåtur.

Musala (bulgarsk: Мусала) er den høgaste fjelltoppen i Bulgaria og på heile Balkan med ei høgs på 2 925 meter.

Namnet kjem frå Mus Allah, «fjellet til Allah», og vart namngjeve då Bulgaria var ein del av Det ottomanske riket. Det gamle namnet på fjellet var Tangra.

Musala er ein del av Rila nasjonalpark, og er kjend for ein rik flora, inkludert artar som makedonsk furu og bulgarsk gran, og fauna. Området er eit av dei beste for å sjå fuglen murkrypar. Det vert sagt at frå toppen av fjellet kan ein sjå all dei store fjellkjedene i Bulgaria. Desse inkluderer Vitosja i nordvest, Sredna Gora mot nordaust, Balkanfjella i den nordlege horisonten bak Vitosja og Sredna Gora, Rodopifjella i søraust, Pirin i sør, Osogovo og Ruj i vest, i tillegg til sjølve Rila.

Den lettaste ruta til topps er anten ein direkte gåtur frå skisenteret Borovets, 10 km lenger nord. Det finst òg ein hengebane frå Borovets til Jastrebts på 2 369 m og ei rekkje fjellhytter. Frå Jastrebets er det ein times gåtur opp til fjellhytta Musala på 2; 430 meter, og frå her tar det 1,5-2 timar opp til uvêrshytta Everest, den høgastliggande fjellhytta i Bulgaria. På toppen står det òg ein vêrstasjon.

Dei høgaste toppane er Musala 2 925 m, Litle Musala 2 902 m og Iretsjek 2 852 m.

Tre av dei største elvane i Bulgaria, Iskar, Maritsa og Mesta har alle sitt utspring nær Musala.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]