Gresk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gresk historie går tilbake til grekarane sitt innkome til Europa ei tid før 1500 f.Kr., sjølv om det berre har vore ein uavhengig gresk stat kalla Hellas sidan 1821.

Gresk historie går likevel langt utanfor grensene til dagens Hellas. Så tidleg som det 7. hundreåret f.Kr. hadde grekarane kolonisert delar av det som no er Tyrkia, Kypros, Italia og Libya. Erobringane til Aleksander den store i 4. hundreåret f.Kr. gav grekarane styre over Anatolia, Egypt, Syria og Mesopotamia. Som delar av Det bysantinske riket var desse og andre område deler av den greske verda i mange hundreår. Frå 1400-talet levde nesten alle grekarar under osmansk styre.

Egeisk kultur[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste sivilisasjonen som dukka opp kring Hellas var den minoiske sivilisasjonenKreta som varte frå kring 3650 til 1450 f.Kr., og den tidlege helladiske perioden på det greske fastlandet frå kring 2800 f.Kr. til 2100 f.Kr.

Det finst lite spesifikk informasjon om minoarane. Sjølv namnet er ei moderne nemning som er henta frå Minos, den legendariske kongen på Kreta. Dei er blitt karakteriserte som urindoeuropeisk folk, truleg dei språklege forfedrane til dei etokretisk-talande folka i den klassiske antikken. Språket deira tilhøyrer skrifttypen Linear A, som ingen har klart å tyda på ein overtydande måte. Dei var primært eit handelsfolk som deltok i oversjøisk handel og drog nytte av dei rike naturressursane til sitt land. Øya var på den tida rik på tømmer som blei kommersielt utnytta og eksportert til nærliggjande land som Kypros, Egypt og Dei egeiske øyane.

Sjølv om det rår stor uvisse om forfallet deira, blei dei til slutt invaderte av mykenarar frå fastlandet. Denne invasjonen fann stad rundt 1400 f.Kr., og saman med det minoiske utbrotet var det eit sannsynleg scenario for slutten på den minoiske sivilisasjonen. Ifølgje denne teorien blei den minoiske flåten og hamnene øydelagt så mykje at dei ikkje kunne reparerast av enorme bølgjer frå Middelhavet. Moglege klimatiske endringar påverka avlingane i mange år som igjen ville ha ført til hungersnaud og sosialt samanbrot. Den mykenske invasjonen fullførte det siste kapittelet i ein sivilisasjon som blomstra i rundt 1600 år.

Mykene[endre | endre wikiteksten]

Mykenske Hellas, ca. 1400–1100 f.Kr.
Det restaurerte Attalos Stoa i Aten.

Mykensk Hellas, også kjent som gresk bronsealder, er den seine helladiske bronsealder-sivilisasjonen i Antikkens Hellas. Han varte frå innkomsten til grekarane i Egearhavet rundt 1600 f.Kr. til sivilisasjonen kollapsa rundt 1100 f.Kr. Dette er den historiske bakgrunnen for eposa til Homer og mykje anna i gresk mytologi. Den mykenske perioden har namn etter den arkeologiske utgravingsstaden Mykene i det nordaustlege ArgolídaPeloponnes i det sørlege Hellas. Aten, Pýlos, Theben og Tiryns er også viktige mykenske stader.

Mykensk sivilisasjon vart dominert av eit aristokrati av krigarar. Rundt 1400 f.Kr. utvida mykenarane kontrollen sin til Kreta, og tok i bruk minoarane sin Linear A til å skriva den tidlege forma si for gresk. Den mykenske skrifttypen blir kalla Linear B.

Mykenerne gravla adelsmennene sine i tholosar, store sirkulære gravkammer med eit høgt boga tak og rette inngangar dekte av stein. Dei gravla ofte dolkar eller andre former for militært utstyr med den avdøde. Adelsfolk blei ofte gravlagde med gullmasker, tiaraer, rustning og våpen utsmykka med juvelar. Mykenarane blei gravlagde sitjande, og nokre adelsfolk blei mumifiserte.

Rundt 1100 f.Kr. braut den mykenske sivilisasjonen saman. Fleire byar blei plyndra, og regionen gjekk inn i det som historikarane ser på som dei mørke hundreåra. I løpet av denne perioden opplevde Hellas ein nedgang i folketal og skrifkultur. Grekarane sjølv la skulda for denne nedgangen på ein invasjon av ei anna bølgje med greske folkeslag, dorarane, men det er sparsame arkeologiske bevis for dette synet.

Mørke hundreår[endre | endre wikiteksten]

Dei mørke hundreåra i Hellas (ca. 1200–800 f.Kr.) viser til perioden i gresk historie frå den antekne doriske invasjonen og slutten på mykensk sivilisasjon på 1000-talet til dei fyrste greske bystatane oppstod på 800-talet f.Kr. og eposa til Homer og dei tidlegaste skriftene med det greske alfabetet på 700-talet f.Kr.

Samanbrotet til Mykene fall saman med fallet til fleire andre store rike i Det nære austen, som hettittane og Egypt. Årsaka kan koma av ein invasjon frå dei såkalla havfolka, som nytta våpen av jern. Då dorarane kom inn i Hellas, var også dei utstyrte med overlegne jernvåpen, og klarte enkelt å spreia dei svekte mykenarane. Perioden som følgde desse hendingane blir kollektivt kalla «dei mørke hundreåra».

Arkeologi viser ein kollaps i sivilisasjonen i den greske verda på denne tida. Dei store palassa og byane til mykenarane blei øydelagde eller forlatne. Det greske språket blei ikkje skrive lenger. Greske vasar frå denne tida hadde enkle geometriske former og mangla den figurative dekorasjonen til mykenarane. Grekarane i denne perioden levde i mindre og færre busetjingar, noko som tyder på hungersnaud og avfolking. Det finst ikkje utanlandske varer på dei arkeologiske stadene, noko som tydar på eit minimum av internasjonal handel. Kontakten mellom utanlandske makter var også borte i denne perioden, noko som gav lita kulturell utvikling eller vekst av noko slag.

Kongar herska gjennom denne perioden til dei til slutt blei erstatta av eit aristokrati. I nokre område danna det seg endå seinare eit aristokrati innanfor aristokratiet, ein elite i eliten. Krigføringa endra fokus frå kavaleri til større vekt på infanteri. Jern erstatta bronse i produksjonen av verktøy og våpen, både på grunn av at det var billig å produsera, men også på grunn av lokal tilgang. Sakte voks det fram likskapar mellom dei ulike sektorane i folket, noko som førte til at dei ulike kongane blei avsette og familiane voks fram.

Familiane byrja å rekonstruera fortida si i forsøk på å knyta ættetavlene sine til heltar frå trojanarkrigen, særleg Herakles. Det meste av dette var legender, men noko blei sortert av poetar i skulen til Hesiod. Dei fleste av desse dikta er tapte, men nokre kjende «forteljingsforfattarar», som dei blei kalla, var Hekataios frå Milet og Akusilaos frå Argos.

Ein går ut frå at eposa til Homer inneheld ein viss grad av tradisjon som er blitt munnleg overlevert i den mørke tidsperioden, men i kva grad er omdiskutert.

På slutten av denne stagnasjonsperioden opplevde den greske sivilisasjonen ein renessanse som spreidde den greske verda så langt som til Svartehavet og Spania. Skrivekunsten blei lært att frå fønikarane, og spreidde seg til slutt mot nord, inn i Italia og Gallia.

Hellas i antikken[endre | endre wikiteksten]

Det gamle teateret i Dodona.
Hefaistos-tempelet i Aten.

Antikke Hellas er rekna av dei fleste historikarar som den grunnleggjande kulturen i vestleg sivilisasjon. Gresk kultur hadde mektig innverknad på Romarriket, som førte ein versjon av han til mange delar av Europa. Den antikke greske sivilisasjonen har hatt enorm innverknad på språk, politikk, utdanningssystem, filosofi, kunst og arkitektur i den moderne verda, særleg i renessansen i det vestlege Europa og igjen under ulike neoklassisistiske fornyingane på 1700- og 1800-talet i Europa og Amerika.

Polis[endre | endre wikiteksten]

Den grunnleggjande eininga i politikken i det antikke Hellas var ein polis, nokre gonger omsett som bystat. «Politikk» betyr bokstaveleg talt «tinga til polisen». Kvar by var sjølvstendig, i det minste i teorien. Nokre byar kan ha vore underordna andre. Dei tretti tyrannane i Aten var til dømes innsette av Sparta etter Peloponneskrigen. Den øvste makta i kvar by låg innanfor denne byen. Dette betydde at når Hellas gjekk til krig, fyrst og fremst mot det persiske riket, danna byane ein allianse for å føra krig. Ordninga gav også mange moglegheiter for krigar innanfor Hellas mellom ulike byar.

Hellas danna ingen klart avgrensa geografiske område, men spreidde seg over den greske halvøya, over øyane i Egearhavet og langs kysten av Anatolia. Det var greske samfunn og polisar langs Svartehavet, i sørlege Italia og på Sicilia, og så langt unna som langs kysten av Frankrike og i Spania. Truleg skapte den karrige jorda på det greske fastlandet og befolkningsvekst grunn til at grekarane spreidde seg og utvandra, men dei heldt på ein felles kultur og språk.

Oppblomstring av gresk kultur[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av dei greske namna som i dag er allment kjende blomstra i denne tidsperioden. Blant poetane var Homer, Hesiod, Pindaros, Aiskhylos, Sofokles, Evripides, Aristofanes og Sappho aktive. Kjende politikarar og maktpersonar inkluderte Themistokles, Perikles, Lysander, Epaminondas, Alkibiades, Filip II av Makedonia og sonen hans Aleksander den store. Platon skreiv til liks med Aristoteles, Heraklit, Parmenides, Demokrit, Herodot, Thukydid og Xenofon. Nesten all matematisk kunnskap som blei formalisert i Euklid sitt verk Element på byrjinga av den hellenistiske tida blei utvikla i denne perioden.

Persarkrigane og Peloponneskrigen[endre | endre wikiteksten]

Kart over denatenske alliansen i 431 f.Kr., like før Peloponneskrigen braut ut.

To store krigar forma den antikke greske verda. Persarkrigane (500–448 f.Kr.) er gjenfortalt i Herodot si Historie. Joniske greske byar gjorde opprør mot det persiske riket og blei støtta av nokre av byane i heimlande. Dei blei til slutt leia av Aten. Kjende slag frå denne krigen inkluderer Marathon, Thermopylae, Salamis og Plataiai.

For å gjennomføra krigen og kunne verna Hellas mot fleire persiske angrep seinare, grunnla Aten det atenske sjøforbundet i 477 f.Kr. Opphavleg skulle kvar by i forbundet bidra med skip og soldatar til ein felles hær, men etter kvart tillét (og seinare tvinga) Aten mindre byar til å bidra med midlar slik at dei kunne forsyna skipet deira. Utbrot frå forbundet kunne straffast. Etter militære tiltak mot persarane blei skattekista flytta frå Delos til Aten og styrka kontrollen byen hadde over forbundet endå meir. Det atenske sjøforbundet blei til slutt omtalt som det atenske imperiet.

Medan persarkrigane framleis gjekk føre seg, braut det i 458 f.Kr. ut krig mellom sjøforbundet og det peloponnesiske forbundet, som bestod av Sparta og forbundsfellane deira. Etter nokre kampar utan avgjerd, skreiv dei to partane under på ein fredsavtale i 447 f.Kr.

Denne freden skulle vara i tretti år, men han heldt berre til 431 f.Kr. då Peloponneskrigen braut ut. Hovudkjeldene til denne krigen er Thukydid si ‘Soge om Peloponneskrigen’ og Hellenika av Xenofon.

Krigen byrja over ein krangel mellom Kérkyra og Epidamnos. Epidamnos var ein så liten by at Thukydides måtte fortelja lesarane sinekvar han var. Korint gjekk inn i konflikten på Epidamnos si side. I frykt for at Korint skulle erobra den kerkyriske marinen intervenerte Aten, den einaste staten med ein større marine. Aten hindra Korint frå å gå i land ved Kérkyra i slaget ved Sybota, omleira Poteidaia og la ned forbod mot all handel med den nærliggjande allierte staten til Korint, Mégara, i det megariske dekretet.

Det var usemje blant grekarane om kven som braut avtalen mellom sjøforbundet og peloponnesarforbundet, sidan Aten teknisk sett forsvarte ein ny alliert. Korintarane bad Sparta om støtte. I frykt for makta til Aten, og sidan dei var vitne til at Aten hadde vilje til å bruka henne mot megararane (med ein boikott som ville ha ruinert dei), erklærte Sparta at avtalen var broten, og Peloponneskrigen byrja for fullt.

Den fyrste fasen av krigen, som er kjend som den arkhidamiske krigen etter den spartanske kongen Arkhidamos II, varte fram til 421 f.Kr. då Nikiasfreden blei underteikna. Den atenske generalen Perikles anbefalte at byen hans skulle kjempa ein defensiv krig, unngå slag mot overlegne landstyrkar leidde av Sparta og importera alt dei trengte ved å oppretthalda den mektige marinen sin. Aten kunne hungra ut Sparta sidan borgarane deira var redde for å vera for lenge ute av byen sin for lenge av frykt for at helotane skulle gjera opprør. Denne strategien kravde at Aten måtte kunna motstå regulære omleiringar, og i 430 f.Kr. blei byen ramma av pest som drap rundt ein fjerdedel av folket, inkludert Perikles. Då Perikles var borte, fekk mindre konservative element makt i byen, og Aten gjekk på offensiven. Dei nedkjempa 300-400 spartanske hoplittar i slaget ved Pylos. Dette representerte ein betydeleg del av dei spartanske kampstyrkane som dei hadde avgjort at dei ikkje kunne tola å mista. I mellomtida leid Aten audmjukande nederlag i slaga ved Delion og Amfipolis. Nikiasfreden enda med at Sparta fekk tilbake gislane sine og Aten fekk tilbake byen Amfipolis.

Dei som skreiv under Nikiasfreden i 421 f.Kr. svor på å halda henne i femti år. Den andre fasen av Peloponneskrigen byrja i 415 f.Kr., då Aten sette i gang Siciliaekspedisjonen for å støtta sin allierte Segesta som var angripen av Siracusa og for å erobra Sicilia. I byrjinga ville ikkje Sparta hjelpa sin allierte, men Alkibiades, den atenske generalen som hadde fremja den sicilianske ekspedisjonen, hoppa av til spartanarane då han blei anklaga for svært ureinslege handlingar og overtydde dei om at dei ikkje kunne tillata Aten å underleggja seg Siracusa. Felttoget enda med katastrofe for atenarane.

Dei joniske områda til Aten gjorde opprør med støtte frå Spart, sslik Alkibiadeshadde tilråde. I 411 f.Kr. gav eit oligarkisk opprør i Aten eit høve til få fred, men den atenske marine,nsom var trufast mot demokratiet, nekta å akseptera endringa og heldt fram med å kjempa i namnet til Aten. Marinen kalla tilbake Alkibiades, som var blitt nøydd til å gje opp den spartanske saka, etter seiande for å ha forført kona til den spartanske kongen Agis II. Alkibiades fekk kommandoen over marinen. Oligarkiet i Aten braut saman, og Alkibiades sette i gang med å ta tilbake det som hadde gått tapt.

Alkibiades vart erstatta i 407 f.Kr. etter eit mindre marinenederlag i slaget ved Notion. Den spartanske generalen Lysandros vann siger etter siger etter at han styrkte marinemakta til byen sin. Etter slaget ved Arginusai, som Aten vann, men der dei blei hindra frå å redda sjømennene sine på grunn av dårleg vêr, blei åtte av dei øvste marinekommandantane til Aten avretta eller sende i eksil. Lysandros følgde opp med eit knusande slag i slaget ved Aegospotami i 405 f.Kr., som nesten utsletta den atenske flåten. Aten overgav seg eitt år seinare og gjorde slutt på Peloponneskrigen.

Krigen etterlét seg store øydeleggingar. Misnøye med det spartanske hegemoniet som følgde, inkludert det faktumet at Jonia og Kypros vart avstått til det persiske riket ved slutten av Korintkrigen (395–387 f.Kr.), oppmuntra Theben til å angripa. Generalen deira Epaminondas knuste Sparta i slaget ved Leuktra i 371 f.Kr. og innleidde ein periode der Theben dominerte Hellas. I 346 f.Kr. bad Theben Filip II av Makedonia om hjelp etter at dei ikkje var i stand til å forsvara seg etter ti år med krig. Makedonia erobra raskt dei utmatta byane i Hellas. Den grunnleggjande eininga i politikken frå dette tidspunktet av var imperiet, og den hellenistiske perioden hadde byrja.

Hellenismen[endre | endre wikiteksten]

Filip V av Makedonia
Hjortejaktmosaikken frå Pella frå 200-talet f.Kr.

Den hellenistiske perioden i gresk historie byrja med døden til Aleksander den store i 323 f.Kr. og enda då Romarriket annekterte den greske halvøya og øyane rundt i 146 f.Kr.. Sjølv om styret til romarane ikkje braut kontinuiteten i det hellenistiske samfunnet og kulturen, som hovudsakleg heldt fram med å vere uendra til omvendinga av kristendom, markerte annekteringa enden på gresk politisk sjølvstende.

I den hellenistiske perioden blei «det eigentlege Hella» dvs.territoriet til dagens Hellas, mindre viktig i den gresk-språklege verda. Dei store sentera for hellenistisk kultur var Alexandria og Antiokia, hovudstadene til høvesvis Egypt under ptolemearane og Syria under selevkidane.

Aten og forbundsfellane gjorde opprør mot Makedonia då dei høyrde at Aleksander var død, men blei overvunne innan eitt år i den lamiske krigen. Samstundes braut det ut ein maktkamp blant generalane til Aleksander, noko som enda med at imperiet hans blei brote opp i fleire nye kongedømme. Ptolemaios stod igjen med Egypt, Selevkos med Levanten, Mesopotamia og austlege delar av riket. Kontrollen over Hellas, Thrakia og Anatolia blei utfordra, men innan 298 f.Kr. hadde antigonide-dynastiet erstatta antipatride-dynastiet.

Den makedonske kontrollen over dei greske bystatane var intervallmessig med fleire opprør. Aten, Rodos, Pergamon og andre greske statar heldt stort sett på sjølvstendet, og slutta seg til det aetoliske forbundet for å forsvara det. Det achaiske forbundet var praktisk talt uavhengig sjølv om det var nominelt underlagt ptolemearane og kontrollerte det meste av det sørlege Hellas. Sparta heldt også fram med å vere uavhengig, men nekta på generelt grunnlag å slutta seg til noko forbund.

Ptolemaios II overtalte i 267 f.Kr. dei greske byane til å gjera opprør mot Makedonia i det som blei den chremonideiske krigen, med namn etter den atenske leiaren Chremonides. Byane blei overvunne, og Aten mista sjølvstendet og dei demokratiske institusjonane sine. Dette markerte slutten på Aten som ein politisk aktør, sjølv om byen heldt fram med å vere den største, rikaste og mest kultiverte i Hellas. Makedonia overvann den egyptiske flåten ved Kos i 255 f.Kr. og førte Egearhavsøyane, med unntak av Rodos, inn under styret sitt.

Sparta heldt seg fiendtleg mot achaiene, og etter å ha invadert Achaia i 227 f.Kr. tok staten kontroll over forbundet. Dei resterande achaiane føretrekte eit fjernt Makedonia framfor eit nært Sparta, og allierte seg med makedonarane. Den makedonske hæren sigra over spartanarane i 222 f.Kr., og annekterte byen. Dette var fyrste gongen Sparta var okkupert av ei framand makt.

Filip V av Makedonia var den siste greske herskaren med både talent og høve til å sameina Hellas og halda det sjølvstendig sett opp mot den stadig aukande makta til den romerske republikken. Under han gjorde Naupatosfreden i 217 slutt på konflikten mellom Makedonia og dei greske forbunda, og på dette tidspunktet kontrollerte han heile Hellas bortsett frå Aten, Rodos og Pergamon.

Men i 215 f.Kr. gjekk Filip inn i ein allianse med ein erkefiend av romarane, Kartago. Roma svarte med å trekkja dei achaiske byane bort frå den nominelle lojaliteten deira til Filip og danna ein allianse med Rodos og Pergamon som no var dei sterkaste maktene i Vesleasia. Den fyrste makedonske krigen braut ut i 212 f.Kr. og enda utan avgjerd i 205 f.Kr., men Makedonia var no merka som ein fiende av Roma.

Roma overvann Kartago i 202 f.Kr., og kunne venda merksemda si austover. Den andre makedonarkrigen braut ut i 198 f.Kr. av utydelege grunnar, men fyrst og fremst fordi Roma såg p[ Makedonia som ein potensiell alliert av selevkidane, den sterkaste makta i aust. Dei allierte Filip hadde i Hellas forlet han og han blei avgjerande slått i 197 f.Kr. i slaget ved Kynoskephalai av den romerske prokonsulen Titus Quinctius Flaminius.

Heldigvis for grekarane var Flaminius ein moderat mann og ein beundrar av gresk kultur. Filip måtte overgje flåten sin og bli alliert med romarane, men blei elles spart. Ved dei isthmiske leikane i 196 f.Kr. erklærte Flaminius at alle greske byar var frie, sjølv om det blei plassert romerske garnisonar i Korint og Khálkis. Men fridommen lova av Roma var ein illusjon. Alle byane bortsett frå Rodos blei innrullerte i eit nytt forbund under romersk kontroll, og aristokratiske grunnlover blei føretrekte og aktivt fremja.

Romartida[endre | endre wikiteksten]

Framstilling av slaget ved Korint i 146 f.Kr., den siste dagen før romerske legionar plyndra og brann Korinst. The last day on Corinth, Tony Robert-Fleury, 1870.
Utsyn over det romerske Odeon i Patras

Det militære Hellas gjekk nedover i den grad at romarane erobra landet frå 187 f.Kr. og framover, sjølv om gresk kultur skulle erobra det romerske livet. Perioden med romersk styre blir vanlegvis datert frå plyndringa av Korint av Lucius Mummius i 123 f.Kr., men Makedonia hadde allereie kome under romersk kontroll med nederlaget til kong Perseus for Aemilius Paulus ved Pýdna i 168 f.Kr. Romarane delte regionen inn i tre mindre republikkar, og i 146 blei Makedonia offisielt ein romersk provins med hovudstad i Thessaloníki. Resten av dei greske bystatane slutta seg gradvis og til slutt til Roma og autonomien deira enda de jure. Romarane overlét lokal administrasjon til grekarane utan å gjera forsøk på å avskaffa tradisjonelle politiske mønster. Agoraen i Aten var framleis eit sentrum for dette samfunnet og det politiske livet.

Eit dekret frå keisar Caracalla frå 212, Constitutio Antoniniana, utvida borgarskapet utanfor Italia til alle frie vaksne menn i heile Romarriket og heva i praksis befolkninga i provinsane til lik status som borgarar av sjølve Roma. Tydinga til dette dekretet er meir historisk enn politisk. Det la grunnlaget for integrasjon der økonomi og juridiske mekanismar i staten kunne innførast gjennom heile Middelhavet slik det blei gjort frå Latium inn i heile Italia. I praksis fann ikkje integrasjonen stad likt over alt. Samfunn som allereie var integrerte med Roma, som Hellas, blei favoriserte av dette dekretet til fordel for dei som låg langt borte, var for fattige eller for framande, som Britannia, Palestina eller Egypt.

Caracalla-dekretet førte ikkje til prosessar som overførte makt frå Italia og vest til Hellas og aust, men akselererte dei og la grunnlaget for veksten til Hellas som ein stor maktfaktor i Europa og Middelhavet i mellomalderen.

Austromarriket[endre | endre wikiteksten]

Delinga av Romarriket i vest og aust og den etterfølgjande kollapsen til Vestromarriket var utviklingar som betra stillinga til grekarane i riket, og til slutt lét dei bli identifiserte med det. Den leiande rolla til Konstantinopel byrja då Konstantin den store gjorde Bysantium til den nye hovudstaden sin i Romarriket, og denne var deretter kjend som Konstantinopel. Byen låg som ei fyrlykt for grekarane i sentrum av hellenismen som varte til moderne tid.

Mosaikk av Theodora I.

Konstantin den store og Justinian I var dominerande personar i tida 324–610. Keisarane prøvde å gje eit grunnlag for etterfølgjande utvikling og danninga av Austromarriket, og assimilerte romersk tradisjon. Forsøk på å sikra riksgrensene og byggja opp att det romerske territoriet prega dei tidlege hundreåra. Samtidig var perioden prega av den endelege danninga av ortodoks doktrine, men også av ei rekkje konfliktar som stamma frå kjetteri som utvikla seg innanfor grensene til imperiet.

I den fyrste perioden av den midtre bysantinske epoken (610–867) blei riket angripe av både gamle fiendar (persarar, langobardar, avarar og slavarar), men også nye som dukka opp for fyrste gong i historia (arabarar, bulgararar). Hovudkarakteristikken for denne perioden var at dei fiendtlege angrepa ikkje berre skjedde i grenseområda til staten, men dei blei utvida djupt innanfor. Til og med hovudstaden blei truga. Samtidig mista desse angrepa dei periodiske og mellombelse karakterane sine og førte til permanente busetjingar som endra seg til nye statar som var fiendtlege mot Bysantium. Desse statane blei omtalt av austromarane som sclavinias. I løpet av denne perioden blei staten geografisk redusert og økonomisk skadd sidan han mista rike regionar, men staten fekk større språkleg, dogmatisk og kulturell homogenitet.

Frå seint på 700-talet byrja riket å koma seg etter øydeleggingane etter rekkja av invasjonar, og gjenerobringa av Hellas tok til. Grekarar frå Sicilia og Vesleasia kom inn som busetjarar. Slavarane blei anten drivne ut eller assimilerte, og sclaviniasane blei eliminerte. Ved midten av 800-talet var Hellas blitt gresk igjen, og byane byrja å koma seg på grunn av auka tryggleik og gjeninnføringa av effektiv sentral kontroll.

Økonomisk framgang[endre | endre wikiteksten]

Austromarriket då Alexios I Komnenos overtok makta, ca. 1081

Då Austromarriket blei redda frå ein kriseperiode av den resolutte leiarskapen til dei tre komnenoi-keisarane Alexios, Johannes og Manuel på 1100-talet, blomstra Hellas. Nyare forsking har avdekka at denne perioden var ei tid med betydeleg vekst i landbruksøkonomien med aukande folkesetnad og utvida nyrydding av jordbruksland.

Arkeologiske bevis fortel at mange av mellomalderbyane, inkludert Aten, Thessaloníki, Teben og Korint, opplevde ein periode med rask og kraftig vekst som byrja på 1000-talet og heldt fram fram til slutten av 1100-talet. Veksten i byane trekte til seg venetianarar, og denne interessa for handel ser ut til å ha auka den økonomiske blomstringa til Hellas vidare. Venetianarane og andre var aktive handelsmenn i hamnene i Det heilage landet, og dei gjorde det til levebrødet sitt å frakta varer mellom Krossfararstatane og vesten medan dei også i stor grad handla med austromarane og Egypt.

Desse hundreåra blir også sagt å vera ei stordomstid for bysantinsk kunst. Mange av dei viktige bysantinske kyrkjene rundt Aten blei bygde i løpet av denne perioden, noko som speglar veksten i urbaniseringa i Hellas på denne tida. Det fann også stad ei fornying i mosaikk-kunsten med kunstnarar som viste stor interesse i å avbilda naturlandskap med ville dyr og scener frå jakt. Mosaikkane blei meir realistiske og livlege med aukande fokus på å avbilda tredimensjonale former.

Bysantinsk kyrkje i Agora i Aten.

Det fjerde krosstoget[endre | endre wikiteksten]

1204 markerer byrjinga på den seine bysantinske perioden då den truleg viktigaste hendinga for riket fann stad. Konstantinopel gjekk tapt for det greske folket for fyrste gong, og riket blei erobra av latinske krossfararar frå det fjerde krosstoget. Den 57 år lange perioden med latinsk okkupasjon hadde avgjerande innverknad på den indre utviklinga i riket, då element av føydalismen fekk innpass i bysantinsk livsførsel.

Det greske imperiet blei delt mellom det tidlegare gresk-bysantinske Komnenos-dynastiet (Epiros) og Palaiologos-dynastiet, det siste dynastiet før Konstantinopel fall. Etter den gradvise svekkinga av strukturane i den gresk-bysantinske staten og dei skrumpande landområda hans frå tyrkiske invasjonar, fall det gresk-bysantinske riket for osmanane i 1453. Dette er rekna som slutten på den bysantinske perioden.

Osmansk styre[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Navarino i oktober 1827 markerte i praksis slutten på det osmanske styret i Hellas.

Då osmanarane tok over, fann det stad to greske migrasjonar. Den fyrste migrasjonen bestod av greske intellektuelle som drog til det vestlege Europa og influerte tida før renessansen. Den andre migrasjonen bestod av grekarar som forlét slettene på den greske halvøya og slo seg ned i fjella.

Hellas er for det meste fjellrikt og osmanane kunne ikkje erobra heile den greske halvøya sidan dei verken skapte eit militært eller administrativt nærvær i fjella. Der eksisterte mange greske fjellklanar over heile halvøya og på øyane. Sfakiotane på Kreta, Souli i Eporos og maniotane på Peloponnes var dei mest motstandsdyktige fjellklanane i heile Det osmanske riket. Frå slutten av 1500-talet fram til 1600-taletbyrja mange grekarar å migrera frå fjella til slettene. Millet-systemet bidrog til at etniske ortodokse grekarar heldt saman ved at ein segregerte dei ulike folka innanfor Det osmanske riket basert på religion.

Den moderne greske staten[endre | endre wikiteksten]

Ekspansjonen av Hellas frå 1832 til 1947 som viser territorium som blei gitt til Hellas i Sévresavtalen, men mista i 1923 etter Lausanneavtalen.

Osmanane herska over Hellas til byrjinga av det 1800-talet. 25. mars 1821 gjorde grekarane opprør og erklærte sjølvstende, men oppnådde ikkje dette målet før i 1829 gjennom den såkalla London-protokollen. Dei europeiske stormaktene såg på frigjeringskrigen med meldingar om tyrkiske overgrep i eit romantisk lys. Eit døme på dette er Eugène Delacroix sitt måleri frå 1824 kalla Scènes des massacres de Scio.

Mange ikkje-grekarar melde seg frivillige til å kjempa for fridommen deira, mellom anna den engelske diktaren George Byron. Fleire gonger såg det ut til at osmanane var i ferd med å knusa den greske revolusjonen, om det ikkje hadde vore for trusselen om direkte militær intervensjon frå Frankrike, Storbritannia eller Russland. Den russiske utanriksministeren, Ioannis Kapodistrias, som sjølv var grekar, vende heim som president i den nye republikken etter at grekarane oppnåde sjølvstende. Denne republikken forsvann då dei europeiske stormaktene hjelpte til med å gjera landet om til Kongedømet Hellas. Den fyrste kongen, Otto, kom frå Bayern, og den andre, Georg I, kom frå Danmark.

I løpet av 1800- og byrjinga av 1900-talet prøvde Hellas i fleire krigar med osmanarane å utvida grensene sine for å inkludera den etniske greske befolkninga som framleis budde i Det osmanske riket. Dei joniske øyane blei returnerte av Storbritannia då den nye greske kongen kom frå Danmark i 1863, og Thessalía blei gitt av osmanane utan kamp. Resultatet av Balkankrigane i 1912-13 var at Epiros, det sørlege Makedonia, Kreta og dei egeiske øyane blei annekterte inn i Hellas.

Hellas nådde grensene landet har i dag i 1947.

Perioden fram til fyrste verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Den greske nasjonalforsamlinga valde i august 1832 den liberale bayerske prinsen Otto av Wittelsbach, som var son av Ludwig I av Bayern, til konge. Otto I var konge av Hellas frå 1832 til 1862, då han blei avsett ved eit nytt opprør. Seinare blei den 17 år gamle prins Vilhelm av Danmark vald til trona som konstitusjonell monark med namnet Georg I. Frå 1863 til 1913 var Georg konge av Hellas. Han blei drepen i Thessaloníki i 1913, etter at dette området nettopp var overført til Hellas som eit resultat av den fyrste balkankrigen. Sonen hans Konstantin etterfølgde han på trona.

Fyrste verdskrigen og den gresk-tyrkiske krigen[endre | endre wikiteksten]

I fyrste verdskrigen gjekk Hellas inn på trippelententen si side mot Det osmanske riket og dei andre sentralmaktene. Kong Konstantin blei tvinga til å abdisera til fordel for son sin Alexander i 1917. Hellas fekk påskjønning for å ha støtta sigerherrane med landområde i Vesleasia, under dette Smyrna, i dag kjend som Izmir, som hadde ei gresk majoritetsbefolkning. Men på dette tidspunktet hadde tyrkiske nasjonalistar leidd av Mustafa Kemal Atatürk kasta den osmanske regjeringa, organisert eit militært angrep på greske styrkar og overvunne dei. Like etter måtte over ein million innfødde grekarar i Tyrkia dra til Hellas som folkebytte med hundretusenvis av muslimar som budde i den greske staten.

Kong Alexander døydde i 1920 av eit apebitt, og faren Konstantin I fekk venda tilbake som konge. Etter det katastrofale nederlaget i den gresk-tyrkiske krigen (1919-1922) måtte kong Konstantin nok ein gong forlata trona, og han døydde i eksil på Sicilia.

Mellomkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Kong Konstantin blei etterfølgd av eldstesonen sin kong Georg II i 1922, men denne måtte forlata landet i 1924 då den andre greske republikken vart erklært. I 1935 avskaffa eit militærkupp leia av general Georgios Kondylis republikken, og militærjuntaen gjennomførte same år ei folkeavstemming som gjeninnførte kongedømmet. Kong Georg II vende tilbake med aktiv støtte til diktaturregimet til general Ioannis Metaxas.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike okkupasjonssonene: Blått var Italia (til september 1943), raud var Tyskland og grønt var Bulgaria.

Sjølv om dei militære styrkane til Hellas var dårleg utstyrte og omfatta få mann, ytte landet eit stort bidrag i innsatsen til dei allierte under andre verdskrigen. Ved starten av krigen gjekk Hellas inn på dei allierte si side, og nekta å innfri italienske krav. Italia invaderte Hellas den 28. oktober 1940, men greske styrkar slo invasjonshæren tilbake etter ein bitter kamp. Dette markerte den fyrste allierte sigeren i krigen. Adolf Hitler gjekk så nølande inn, primært for å sikra den strategiske sørlege flanken sin. Styrkar frå Tyskland, Bulgaria og Italia lykkast i å invadera Hellas og overmanna greske, britiske, australske og newzealandske einingar.

Under den tyske invasjonen av Hellas i 1941 flykta kong Georg II saman med den greske regjeringa til Egypt.

Då tyskarane prøvde å innta Kreta i eit massivt angrep med fallskjermsoldatar for å redusera trusselen for ein motoffensiv av dei allierte styrkane i Egypt, møtte dei hard motstand frå kretiske sivile og allierte styrkar. Det greske felttoget forseinka dei tyske militære planane mot Sovjetunionen, og det er blitt hevda at dette var ei medverkande årsak til den tyske invasjonen austover starta altfor nær vinteren.

I løpet av åra med okkupasjonen til aksemaktene, døydde tusenvis av grekarar i kamphandlingar, konsentrasjonsleirar eller av svolt. Okkupantane drap svært mange av dei greske jødane, trass i forsøk frå den gresk-ortodokse kyrkja og mange andre kristne grekarar på å skjula jødane.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Kong Georg II vende tilbake til Hellas i 1946 og sat på trona fram til han døydde året etter.

Etter frigjeringa opplevde Hellas ein like bitter borgarkrig mellom kommunistiske opprørarar og regjeringsstyrkar som bestod av republikanarar, liberale, rojalistar og konservative. Denne varte til 1949.

På 1950- og 1960-talet utvikla Hellas seg raskt, innleiingsvis med hjelp frå løyvingar og lån frå den amerikanske Marshallplanen og seinare gjennom vekst i turistnæringa.

Militærjuntaen 1967–1975[endre | endre wikiteksten]

Det greske militæret tok makta i 1967 i eit statskupp, kasta regjeringa til Panagiotis Kanellopoulos og etablerte den greske militærjuntaen som seinare blei kjend som oberstregimet. CIA var involvert i eit kupp, og president Bill Clinton bad seinare om orsaking for innblandinga. Regimet avskaffa det greske monarkiet i 1973. Diktatoren Papadopoulos nekta i 1974 å hjelpa USA, og rykte skal ha det til at dette førte til eit nytt kupp gjennom forsøk frå Henry Kissinger. Oberst Ioannides blei ny statsleiar.

Mange held Ionnides ansvarleg for kuppet mot president Makarios III av Kypros, eit kupp som var opptakten til den fyrste bølgja av tyrkisk invasjon av Kypros i 1974. Kypros-hendinga og den blodige undertrykkinga av Aten polytekniske opprør førte til at militærregimet fall saman. Ein karismatisk politikar i eksil, Konstantinos Karamanlis, vende tilbake frå Paris som mellombels statsminister og blei seinare attvald i to periodar som leiar for det konservative partiet Nea Dimokratia.

Gjeninnføring av demokrati og inngang i EU[endre | endre wikiteksten]

Etter ei folkeavstemming for å stadfesta avsetjinga av kong Konstantin II i 1975, blei det innført ein demokratisk republikansk grunnlov. Ein annan politikar som tidlegare var i eksil, Andreas Papandreou, kom også tilbake og grunnla det sosialistiske partiet PASOK, som vann valet i 1981 og dominerte den politiske kursen i landet i nesten to tiår.

Sidan gjeninnføringa av demokrati auka stabiliteten og den økonomiske velstanden i Hellas. Landet slutta seg til EU i 1981 og tok i bruk euro som valuta i 2001. Ny infrastruktur, midlar frå EU og veksande inntekter frå turisme, sjøfart, tenester, lysindustri og telekommunikasjonsindustri har gitt Hellas ein levestandard betre enn nokon gong før. Spenninga eksister framleis mellom Hellas og Tyrkia over Kypros-spørsmålet og grensene i Egearhavet, men forholdet er blitt betre over tid, til dømes etter fleire jordskjelv, fyrst i Tyrkia og så i Hellas, som førte til gjensidig sympati og hjelp.

Den global økonomiske resesjonen i 2008 fekk stor innverknad på Hellas, og frå seint i 2009 førte den store auka i statsgjeld og frykt frå investormarknadar til at landetvar truga av statsbankerott.[1][2] 2. mai 2010 gjekk landa i eurosona og Det internasjonale pengefondet med på eit lån på 110 milliardar euro til Hellas, med harde krav om innskrenkingar i statlege utgifter. Innskrenkingane var svært upopulære i Hellas, og førte til store demonstrasjonar og sosial uro. Tidleg i denne kriseperioden fekk PASOK mykje av støtta som tidlegare hadde gått til ND. Men frå tidleg på 2010-talet blei også PASOK skulda for handteringa av krisa, og det radikale partiet SYRIZA blei det største venstreorienterte partiet i landet.[3] Ytre høgre blei også styrka i denne perioden.

Alexis Tsipras leidde SYRIZA til siger i parlamentsvale i januar 2015, men mangla to sete til å få ein fullstendig majoritet.[4] Han danna ein koalisjon med høgrepartiet Anexartitoi Ellines (Uavhengige grekarar), og blei gresk statsminister.[5] Tsipras trekte seg frå stillinga i august 2015 og lyste ut nyval. Ei mellombels regjering blei leia av dommaren Vassiliki Thanou-Christophilou, den fyrste kvinnelege statsministeren i landet, i ein månad.[6] I september 2015 vann SYRIZA 145 av 300 sete i nasjonalforsamlinga,[7] og danna ein ny koalisjon med Uavhengige grekarar.[8] Ved valet i 2019 gjorde Nea Dimokratia, leia av Kyriakos Mitsotakis, brakval,[9] og danna ei sentrums-høgre-regjering.[10] Mitsotakis fekk fire nye år ved valet i juni 2023.[11] I mars 2020 valde det greske parlamentet Katerina Sakellaropoulou til den fyrste kvinnelege presidenten av Hellas.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gresk historie