Narodnaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Narodnaja
Høgd over havet 1894 moh
Ligg i/på Khanty-Mansia i Tjumen oblast i Russland
Fjellkjede Uralfjella
Primærfaktor 1772 moh
Koordinatar 65°02′N 60°07′EKoordinatar: 65°02′N 60°07′E
Lettaste rute til fots

Narodnaja (òg kalla Naroda og Poznurr; Russisk: Гора Народная,, Народа-Из[1]) er eit fjell i Issledovatelskomfjella og er den høgaste toppen i Uralfjella i Russland. Fjellet har ei høgd på 1894 moh. Toppen ligg i Khanty-Mansia autonome okrug i Tjumen oblast , om lag 500 meter aust for grensa til republikken Komi.

Han er det høgaste fjellet i europeisk Russland utanfor Kaukasus. Derfor har det ein stor primærfaktor på 1772 meter med sadelpunkt i Kasakhstan.[2]

Narodnaja ligg på vasskiljet i Uralfjella og derfor på grensa mellom Europa og Asia. Elva Naroda renn søraustover frå nær toppen og ut i Ob i Sibir og Kosiu renn nordvestover frå toppen og ut i Petsjora i Europa.

Fjellet består av kvartsitt og metamorf skifer frå proterozoikum og kambrium. Det er nokre isbrear på fjellet. Det er òg spreidd skog av lerketre og bjørk i djupe dalar ved foten av fjelelt. Fjellsidene er elles dekke av fjelltundra.

Den lettaste ruta til toppen er ein sti på nordvestsida. Avhengig av snø- og istilhøva kan isbroddar på skoa vere nødvendig. Sørveggen av Nordnaja er bratt og har ikkje vorte klatra.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]