Jordbruksrevolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg jordbruksrevolusjon
Utsyn over åkrar og elva Tigris, som saman med Eufrat rann gjennom mykje av den fruktbare halvmånen.
Egyptisk gravmåleri frå 1400-talet f.Kr. viser eit samfunn sterkt prega av jordbruk.

Jordbruksrevolusjonen eller den neolittiske revolusjonen viser til dei store endringane som skjedde i organiseringa av menneskesamfunn etter at dei tok til å halda husdyr og dyrka jorda. Desse endringane markerer gjerne byrjinga av yngre steinalder. Dei fann stad uavhengig til ulike tider og på ulike stader i verda, og over eit lengre tidsrom.

Historikaren Vere Gordon Childe skapte omgrepa «Neolithic Revolution» og «Urban Revolution» på 1920-talet for å skildra den raske utviklinga av jordbruk og samfunn i Midt-Austen.

Tid, stad og produkt[endre | endre wikiteksten]

Den best kjende jordbruksrevolusjonen fann stad frå 9000- til 7000-talet f.Kr. i den fruktbare halvmånen i Midt-Austen. Ein utvikla dyrking av plantar som etterkvart vart foredla: Korn, bygg og kveiteslaga einkorn og emmer; belgfrukter, linser, erter, kikerter, linsevikke, og tekstilplanten lin.

Nokre av dei første husdyra, sau, geit og gris, blei truleg først temde i dette området. Grisen blei i tillegg domestisert i Kina, medan storfe kan ha blitt domestisert både i Afrika, Sør-Asia og Midt-Austen rundt 8000-talet f.Kr. Hunden hadde lenge vore del av menneskeleg kultur.

Anna tidleg jordbruk fann stad på Papua Ny-Guinea, der dyrking kan ha funne stad frå 8000-talet. I Kuk på Ny-Guinea er det funne prov på dyrking av banan, taro og yams.[1]

Aust i Kina er det funne spor etter hirsedyrking frå rundt 8300 til 6700 f.Kr. Risdyrking tok til frå om lag 7000-talet f.Kr. ulike stader i Kina, Søraust-Asia og kanskje også i India.[2]

Mehrgarh i noverande Pakistan er det eldste døme på jordbruk i Sør-Asia, frå 7000-talet f.Kr., der ein i tilleg til bygg og kveite også dyrka brystbær og dadlar.

Ein dyrka mais for oppimot 9000 år sidan i Mexico.[3] Graskar og bønner var også tidlege dyrka matplantar i Amerika.

I Afrika utvikla fleire ulike kulturar jordbruk uavhengig frå kvarandre frå rundt 5000-talet f.Kr. Medan Nord-Afrika tok del i utviklinga i den fruktbare halvmånen, hadde dyrking av yams, sorghum og afrikansk ris (Oryza glaberrima) utgangspunkt i Sentral-Afrika. Det etiopiske høglandet hadde sitt heilt eigne planteliv og jordbruk med artar som teff, Ensete og fingerhirse.[4] I mange område av Afrika la ein større vekt på dyrehald enn dyrking av jorda.[5]

I Sør-Skandinavia tok ein til å dyrka jorda rundt 4000-talet f.Kr., og om lag to tusen år seinare i nordlegare strok.

Andre kulturar har hatt jakt og sanking som næringsgrunnlag fram til moderne tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]