Nervión

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nervión
Nervión i Bilbao
Nervión i Bilbao
Utspring Sierra Salbada i Álava
- Høgd 1000 moh
Munning Bilbaoestuaret
Land i nedslagsfelt Flag of Spain.svg Spania
Lengd 72 km
Middelvassføring 9,6 m³/s
Nedslagsfelt 1900 km²
Delikakløfta og fossen.

Nervión er ei elv nord i Spania som renn gjennom byen Bilbao og ut i Biscayabukta. Den siste del av elva vert òg kalla Bilbaoestuaret frå staden der Ibaizabalkanalen munnar ut i elva og ut til havet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva er 72 km lang frå kjelda ved grensa mellom provinsane Burgos og Alava til havet og renn frå sør til nord. Like etter kjelda dannar elva ein 300 meter høg foss i Delikakløfta (Alava) og renn inn i provinsen Bizkaia etter å ha passert byen Orduña. Ho renn inn i Alava igjen gjennom byane Amurrio og Llodio. Elva renn så igjen inn i Bizkaia fram til ho munnar ut i Biscayabukta. Ho renn inn i storbyområdet til Bilbao ved Ugao-Miraballes. Tidvatnet påverkar elva 15 km innover frå munningen, ved gamlebyen i Bilbao.

Dei største sideelvane hennar er:

Ibaizabal vert stundom rekna som ei like viktig elv, så systemet vert ofte kalla Nervion-Ibaizabal og den siste delen berre Bilbaoestuaret. Elva har eit nedslagsfelt på 1900 km².

Kontrovers[endre | endre wikiteksten]

Trass i at det spanske namnet er mykje i bruk i dag, er det tradisjonelle namnet på strekket mellom estuaret og Basauri, der både Ibaizabal og Nervión renn, Ibaizabal (som tyder «vid elv» på baskisk) i følgje historiske kjelder frå 1000-talet. Forfattaren Miguel de Unamuno (1864-1936) frå Bilbao, og borgarmeisteren i Bilbao, Javier Ybarra (1913-1977), kalla begge elva Ibaizabal. Geologiske og hydrologiske data støttar òg dette.[1]

Historie og økonomi[endre | endre wikiteksten]

Frå antikken har Orduñapasset knytt indre område av Spania til Nerviondalen og vore økonomisk viktig. I mellomalderen var elva den naturlege grensa mellom herredømet Biscaya og grevskapet Castilla, og skatten vart innkravd her. Gjennom hundreåra har Nerviondalen vore ein viktig transportveg mellom Bilbao og resten av Spania. Jernbanen til Bilbao vart bygd gjennom dalen i 1870.

Samstundes utvikla Bilbao seg til eit viktig handelssenter med ei av dei viktigaste hamnene på nordkysten av Spania. Hamna ligg 15 km oppover i elva.

I dag er ikkje Nervión like økonomisk viktig, sidan det er bygd ei ny hamn ute ved kysten.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Etter eit hundreår med intens industriaktivitet ved elva, særleg dei siste 25 km av ho, var elva økologisk død med oksygennivå 20 % under det normale, og var ei av dei mest forureina elvane i verda. I 1990 sette dei lokale styresmaktene i gang planar for å betre tilhøva i elva, noko som har ført Nervion til ei langt reinare elv som igjen har fått eit rikt dyreliv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bilboko itsasadarra ibai zabala da». Santurtziko Udal Euskaltegia. http://www.santurtzieus.com/irakasle/materialak/artikuluak/onomastika.htm. Henta 11. mai 2009.  (baskisk)

Koordinatar: 43°19′31.82″N 3°01′09.74″W