Ockelbo kommun
| Ockelbo kommun | |
Kommunevåpenet til Ockelbo kommun |
|
| Len | Gävleborgs län |
| Landskap | Gästrikland |
| Centralort | Ockelbo |
| Areal | 1070 km² |
| Folketal | 5980 |
| Folketettleik | 5,6/km² |
| Kommunenummer | 2101 |
| Nettside | www.ockelbo.se |
| Kart | |
|---|---|
Ockelbo kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige. Kommunen grensar i Gävleborgs län til Bollnäs kommun i nordvest, Söderhamns kommun i nordaust, Gävle kommun i aust og Sandvikens kommun i sør. I tillegg grensar han til Falu kommun i Dalarnas län i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Ockelbo. Dette ligg om lag 30 km nordvest for Gävle.
Ockelbo har lange tradisjonar for jernindustri, noko næringslivet i kommunen i dag framleis er prega av. Administrasjonssenteret Ockelbo har ein del mindre og mellomstore industriføretak.
Innhaldsliste |
Administrativ historikk [endre]
Ockelbo landskommun, som ikkje vart påverka i kommunereforma i 1952, vart i 1971 slegen saman med Lingbo församling, som kom frå den då oppløyste Skogs landskommun, og dermed var Ockelbo kommun oppretta.
Kommunevåpenet [endre]
Blasonering: Eit skjold som loddrett er delt av grantre. På den venstre delen, tre loddrett oppstilte, grøne ringar på sølvbakgrunn, og på den høgre delen, ein loddrett oppstilt smedhammar i sølv på grøn bakgrunn.[1]
Hammaren symboliserer jernhandtering, grantrea skogsbruk og ringane dei (då) tre forsamlingane i kommunen. Våpenet vart registrert i Patent- och registreringsverket i 1985. Femten år seinare vart dei tre forsamlingane slegne saman til Ockelbo församling, men det er framleis tre ringar i kommunevåpenet.
Tettstader [endre]
Det er fire tettstader i Ockelbo kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
| Nr. | Tettstad | Folketal |
|---|---|---|
| 1. | Ockelbo | 2 709 |
| 2. | Lingbo | 421 |
| 3. | Åmot | 306 |
| 4. | Jädraås | 243 |
Kjelder [endre]
Fotnote [endre]
- ↑ «Sköld genom granskura kluven i silver, vari tre stolpvis ställda gröna ringar, och grönt, vari en stolpvis ställd smideshammare i silver».
|
|
||
|---|---|---|
| Bollnäs · Gävle · Hofors · Hudiksvall · Ljusdal · Nordanstig · Ockelbo · Ovanåker · Sandviken · Söderhamn | ||
| Sjå òg: Liste over Sveriges kommunar | ||