Hofors kommun
| Hofors kommun | |
Kommunevåpenet til Hofors kommun |
|
| Len | Gävleborgs län |
| Landskap | Gästrikland |
| Centralort | Hofors |
| Areal | 410 km² |
| Folketal | 10 042 |
| Folketettleik | 25/km² |
| Kommunenummer | 2104 |
| Nettside | www.hofors.se |
| Kart | |
|---|---|
Hofors kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige. Kommunen grensar til fire kommunar i Dalarnas län, Falu kommun og Säters kommun i nord, Avesta kommun i sør og Hedemora kommun i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Hofors.
Landskapet i kommunen er kupert og skogkledd i vest, medan det er flatare i aust. Det er mange vatn i kommunen. Hofors ligg i Bergslagen, og har ein del malmførekomstar. I kommunen ligg det eit stort og moderne stålverk, samt ein del mekaniske verkstader.
Innhaldsliste |
Administrativ historikk [endre]
Torsåkers socken vart ein landskommune då kommunalforordningane i Sverige i 1862 tredde i kraft. Denne vart i 1925 delt i to, Hofors og Torsåker. Desse vart slegne saman att til Hofors kommun ved kommunereforma i 1971.
Kommunevåpenet [endre]
Blasonering: På gullfarga bakgrunn, ein svart blome med åtte runde kronblad.[1]
Dette våpenet vart fastsett av kongen så seint som 1968 etter det eldre regelverket. I 1974 vart det registrert i Patent- och registreringsverket etter det nye. Kronblada i våpenet skal symbolisere stål, som mellom anna vert brukt til å lage kulelager.
Tettstader [endre]
Det er to tettstader i Hofors kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
| Nr. | Tettstad | Folketal |
|---|---|---|
| 1. | Hofors | 7 021 |
| 2. | Torsåker | 873 |
Kjelder [endre]
- «Hofors kommun» på Wikipedia på svensk.
- «Hofors» på Store Norske Leksikon.
Fotnote [endre]
- ↑ «I fält av guld en svart blomma med åtta runda kronblad».
|
|
||
|---|---|---|
| Bollnäs · Gävle · Hofors · Hudiksvall · Ljusdal · Nordanstig · Ockelbo · Ovanåker · Sandviken · Söderhamn | ||
| Sjå òg: Liste over Sveriges kommunar | ||