Nordanstigs kommun
| Nordanstigs kommun | |
Kommunevåpenet til Nordanstigs kommun |
|
| Len | Gävleborgs län |
| Landskap | Hälsingland |
| Centralort | Bergsjö |
| Areal | 1 399 km² |
| Folketal | 9 872 |
| Folketettleik | 7,0/km² |
| Kommunenummer | 2132 |
| Nettside | www.nordanstig.se |
| Kart | |
|---|---|
Nordanstigs kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige som ligg ved Bottenhavet. Kommunen grensar til Ånge kommmun og Sundsvalls kommun i Västernorrlands län i høvesvis nordvest og nord og Hudiksvalls kommun i Gävleborgs län i sør. Administrasjonssenteret i kommunen er Bergsjö. Dette ligg om lag 30 km nord for Hudiksvall.
I kommunen finn ein eit lågt kystland i aust, som lenger vestover stig opp i eit kupert og barskogkledd grunnfjellslandskap. I den austlege delen ligg det mange vatn. Dei fleste arbeidsplassane er innan servicenæringane, men ein finn også tre- og foredlingsindustri i kommunen.
Innhaldsliste |
Administrativ historikk [endre]
Ved kommunereforma i 1952 vart kommunane Harmånger, Ilsbo og Jättendal slegne saman til storkommunen Harmånger, medan det ikkje vart gjort endringar i Bergsjö, Gnarp og Hassela. I 1974 vart alle desse slegne saman til ein ny kommune, med tettstaden Bergsjö som administrasjonssenter. Den nye kommunen fekk namnet Nordanstigs kommun etter «Nordanstigs kontrakt».
Kommunevåpenet [endre]
Blasonering: Eit delt skjold med ein gåande helsinghest i svart på sølvbakgrunn øvst og eit fiskenett i sølv med seks fullstendige masker på blå bakgrunn nedst.[1]
Av dei seks sokna som inngår i Nordanstigs kommun hadde fem heraldiske våpen frå før. Sidan ingen av desse var namngjevarar til den nye kommunen valde ein i staden å lage eit heilt nytt våpen, og det vart utlyst ein konkurranse. Framlegget til kunstnaren Paul Persson vann. Hesten symboliserer på jord- og skogsbruk og nettet talet på sokn som er med i kommunen. Våpenet vart registrert i Patent- och registreringsverket i 1983.
Tettstader [endre]
Det er åtte tettstader i Nordanstigs kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
| Nr. | Tettstad | Folketal |
|---|---|---|
| 1. | Bergsjö | 1 243 |
| 2. | Gnarp | 999 |
| 3. | Harmånger | 523 |
| 4. | Strömsbruk | 418 |
| 5. | Ilsbo | 399 |
| 6. | Hassela | 375 |
| 7. | Stocka | 365 |
| 8. | Jättendal | 277 |
Kjelder [endre]
Fotnote [endre]
- ↑ «Sköld delad av silver, vari en gående hälsingehäst i svart, och blått, vari ett av vågskuror bildat fisknät i silver med sex fullständiga maskor».
|
|
||
|---|---|---|
| Bollnäs · Gävle · Hofors · Hudiksvall · Ljusdal · Nordanstig · Ockelbo · Ovanåker · Sandviken · Söderhamn | ||
| Sjå òg: Liste over Sveriges kommunar | ||