Oghuz-tyrkarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oghuz-tyrkarar vert rekna som ei av hovudgreinene av dei tyrkiske folkeslaga i historia.

Oghuz-tyrkarane er forfedrane til dagens vestlege tyrkarar som tel meir enn 100 millionar menneske og er busett i områda i Vest-Asia og Aust-Europa. Desse inkluderer aserbajdsjanarar (eller aseriar) i Aserbajdsjan og Iran, tyrkarane i Tyrkia og Kypros, Balkan-tyrkaraneBalkan-halvøya (Hellas, Bulgaria og tidlegare Jugoslavia), turkmenarane i Turkmenistan, nordaustlege Iran og nordvestlege Afghanistan, qasgai og khorasanar-tyrkarane i Iran, i tillegg til gauguz (gokoguz)-tyrkarane i Moldova.

Under tyrkisk massemigrasjon på 800- til 1100-talet var oghuzane av tyrkarane i Sentral-Asia som migrerte mot Vest-Asia og Aust-Europa via Transoksiana. Frå 400-talet var oghuzane grunnleggarar og herskarar av fleire viktige tyrkiske kongedøme og imperium, dei mest kjente er goktyrkarane, seldsjukkane, safavidane og osmanarane.

Sjølv om dei òg slo seg ned og danna byer, førte den nomadiske livsstilen deira til ein kjempande innstilling, sans for leiarskap, vane for å flytte på seg, dugleik som ryttarar og ei uvanleg evne som bogeskyttarar på hesteryggen. Frå tidlege tider i historia deira vart dei anerkjend for moralske dydar som uthald, lojalitet, sjølvdisiplin og framsyn.

I seinare hundreår tilpassa dei seg og innførte sine eigne tradisjonar og institusjonar til den islamske verda og steig fram som byggjarar av imperium med ein konstruktiv sans for statsvitskap som gjorde eit positivt bidrag til historia då dei enorme regionane dei styrte utvikla seg i nye fasar av sosial, økonomisk, religiøs og intellektuell utvikling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]