Operasjon Bagration

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Operasjon Bagration, eller Den kviterussiske operasjonen (på russisk språk Belorusskaja operatsija eller Operatsija Bagration) var den sovjetiske offensiven i Kviterussland og Litauen mellom 23. juni og 29. august 1944. Dei sovjetiske styrkane var utrusta med biltransport, trekk-køyretøy, sjølvgåande artilleri og andre hjelpemiddel. Dette auka mobiliteten deira mykje. Tre år etter krigen hadde byrja, var det no ein heilt annan armé som kom tilbake til Kviterussland, han var herda i strid og mykje betre utrusta.

Operasjonen vart kalla opp etter den georgiske fyrsten Pjotr Bagration (1782-1812), ein general i den russiske hæren som vart dødeleg skadd i slaget ved Borodino.

I Kviterussland håpa tyskarane å kunne stanse den sovjetiske framrykkinga med eit godt førebudd og djupt utbygd forsvar, som støtta seg på eit system av feltfestningar og høvelege naturlege hinder (elvar, breie sumpmarker osv.). Fronten blei vakta av sterke styrkar med kampherda tyske soldatar, mange av dei veteranar frå 1941. Den tyske leiinga rekna med at dei naturlege hindra og dei sterke forsvarsverka gjorde det uråd for Den Raude Arméen å gjennomføre store offensive operasjonar i Kviterussland. Dei tenkte åtaket ville kome sør for Pripjat-sumpane, og vere retta mot Balkan.

Men den sovjetiske hærleiinga utarbeidde ein heilt annan plan. Dei ville først og fremst frigjere sine eigne område – Kviterussland, det vestlege Ukraina og Baltikum.

Operasjonen var svært nøye planlagd frå sovjetisk side. Som døme kan nemnast at sovjetiske mineryddarar hadde fjerna 34.000 tyske miner i sektoren for hovudåtaket, det var førebudd 193 passasjar for stridsvognene og infanteriet, og fleire bruer hadde blitt bygde over elvane Drut og Dnjepr.

Den 23. juni, dagen etter treårsdagen for innleiinga på krigen i aust, slo Den raude hæren til med òvstor kraft og fekk revansj til fulle for nederlaget i Kviterussland sommaren 1941.

Den sovjetiske hærleiinga hadde blitt overtydd om at det var ineffektivt med separate offensive operasjonar på dei sentrale frontavsnitta, og gjekk derfor til åtak på tyskarane med styrkar frå fire ulike frontar.

Den kviterussiske offensiven gav stor hjelp til den andre fronten i Europa, som hadde blitt opna 6. juni med invasjonen i Normandie, då den sovjetiske offensiven hindra tyskarane i å overføre styrkar frå austfronten, der tyskarane no hadde meir enn nok med å bremse den sovjetiske framrykkinga.

Den 3. juli frigjorde sovjetiske styrkar den kviterussiske hovudstaden Minsk, etter å ha omringa 100.000 tyske soldatar der. Dei kviterusssiske partisanane spelte ei stor rolle i desse operasjonane. Gjennom aktivt samvirke med dei framrykkjande hærstyrkane desorganiserte «dei folkelege hemnarane» dei tyske kommunikasjonslinjene og lamma forflyttingsevna deira.

Den 13. juli gjekk sovjetiske styrkar til åtak også sør for Pripjat-sumpane, og Sovjetunionen var no på offensiven frå Baltikum til Karpatane.

Under den kviterussiske operasjonen rykte Den raude hæren fram frå øvre Dnjepr til Wisla og tilbakela ei strekning på 5-600 kilometer. Dei hadde no frigjort heile Kviterussland og stordelen av Litauen, og i Polen stod dei føre Warszawa.

Dei tyske tapa var 381.000 døde, 158.000 tilfangetatte, 2.000 stridsvogner og 57.000 andre køyretøy. Men sigeren kosta dyrt også for dei sovjetiske styrkane – 110.000 døde og såra soldatar, 2957 stridsvogner og sjølvgåande artilleri, 2447 kanonar og granatkastarar og 822 fly. Tapstala vitnar om intense kampar og hard tysk motstand.

Dette var eit av dei største tyske nederlaga under den andre verdskrigen. Katastrofen for tyskarane i Kviterussland innebar slutten på den organiserte motstanden deira på austfronten. Den Raude hæren si framrykking hadde no blitt ein allmenn offensiv der fronten ikkje lenger stod inne i Sovjetunionen.

Kjelde: