Oppstodekyrkja i St. Petersburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oppstodekyrkja)
Oppstodekyrkja

Offisielt namnХрам Спаса на Крови
ArkitektAlfred Parland
Stilneorussisk arkitektur
Kart
Oppstodekyrkja
59°56′24″ N 30°19′43″ E

Oppstodekyrkja er eit kyrkjebygg og museum i St. Petersburg i Russland. Ho vert òg kalla Blodskyrkja, dette namnet viser til tsaren Aleksander II av Russland sitt blod. Han vart myrda på staden i 1881.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bygginga byrja i 1883 under Aleksander III, og skulle vere minnesmerke over faren hans, Aleksander II. Arbeidet gjekk sakte framover og kyrkja stod ferdig fyrst i 1907, då Nikolaj II var tsar. Byggekostnadene vart dekt av tsarfamilien med økonomisk stønad frå mange private gjevarar.

Kyrkja står på ein framskoten plass langs Gribojedovkanalen. Forbygginga langs elva går der langs begge sidene av ein kanal. 13. mars 1881 passerte tsar Aleksander si hestevogn langs elveforbygginga. Ein granat, kasta av ein anarkist som var del av ei samansverjing, eksploderte. Ein skaka men uskadd tsar gjekk ut av vogna og byrja klandre han som han rekna for å vere gjerningsmannen. Ein annan attentatmann tok då sjansen på å detonere ei ny bombe, drap seg sjølv og skada tsaren dødeleg. Tsaren, som blødde kraftig, vart teken tilbake til Vinterpalasset. Der døydde han få timar seinare.

Eit mellombels helgenaltar vart reist på staden for attentatet, medan det vart arbeidd med eit varig minnesmerke. Det var bestemt at den delen av gata der attentatet fann stad skulle leggast innom kyrkjeveggane. Ein del av elvedemninga skulle forlengast ut i kanalen slik at helgenaltaret og bygget skulle høve. På den utvendige veggen er eit minnesmerke som markerer staden der attentatet fann stad. På innsida vart eit forseggjort altar bygt nøyaktig på staden for Aleksanders død, pryda med topas, lasuritt og andre kostbare steinar. Andsynes denne prangande dekorasjonen, dannar dei enkle brusteinane der tsaren sitt blod rann og som syner på golvet kring altaret ein slåande kontrast.

Mosaikkunst i Oppstodekyrkja

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Arkitekturmessig skil katedralen seg frå andre bygg i St. Petersburg. Byarkitekturen er i hovudsak barokk og nyklassisistisk, medan Oppstodekyrkja syner tilbake til russisk mellomalderarkitektur, i ånda til nasjonalromantikken. Med overlegg minner ho om syttenhundretals-kyrkjene i Jaroslavl og gjer ære på Vasilijkatedralen i Moskva.

Kyrkja er dekt med over 7500 kvadrameter mosaikkar. Berre ei kyrkje i verda overgår denne mengda. Cathedral Basilica of St. Louis skal ha i kring 7700 kvadratmeter med mosaikkar.

Interiøret vart skapt av nokre av dei mest lovprisa russiske kunstnarane i dei dagar, mellom dei Viktor Vasnjetsov, Mikhail Nesterov og Mikhail Vrubel . Sjefsarkitekt var Alfred Parland. Innvendige veggar og tak er fullstendig dekte med intrikate og detaljerte mosaikkar. Hovudbiletet viser bibelske scener og figurar, med finstemte skilje mellom kvart enkelt bilete.

Frå revolusjonen og framover[endre | endre wikiteksten]

Etter revolusjonen i 1917 vart kyrkja plyndra, og mykje skadd innvendig. Sovjetstyret stengde kyrkja tidleg i 1930-åra. Under 2. verdskrigen, då så mange menneske svalt grunna kringsetjinga av Leningrad av fiendtlege, nazi-tyske militærstyrkar, vart kyrkja nytta som lagringsplass for lik, både for dei som fall i strid og dei som døydde av svolt og sjukdom. Etter verdskrigen vart ho nytta til varehus for grønsaker, noko som avfødde det spottande namnet Frelsar med poteter.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

I juli 1970 vart styringa over Oppstodekyrkja overført til Isakskatedralen. Avkastinga frå katedralen vart då nytta til restaurering av Oppstodekyrkja. Ho vart gjenopna i august 1997, etter 27 års restaurering. I dag er ho er mosaikkmuseum. Før oktoberrevolusjonen var kyrkja aldri i bruk som eit vanleg gudshus. Etter som ho eine og åleine var tileigna minnet om den drepne tsaren, vart ho einast brukt til minnegudstenester.

Kyrkja er i dag ein av dei store turistattraksjonane i St. Petersburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Oppstodekyrkja i St. Petersburg