Orgelbüchlein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Framsida på Orgelbüchlein.

Orgelbüchlein («Den vesle orgelboka») vart skriven av Johann Sebastian Bach i perioden 1708–1714, medan han var hofforganist i hertughoffet i Weimar. Ho vart planlagt som eit sett av 164 koralpreludium (mindre komposisjonar basert på koralmelodiar) for heile kyrkjeåret, men Bach gjorde berre ferdig 46 koralpreludium. Koralpreludia i denne samlinga utgjer BWV 599–644 i katalogen til Bach. Orgelbüchlein var meint som eit pedagogisk reiskap, noko ein ser på framsida:

dem höchsten Gott allein zu Ehren,
dem Nächsten, draus sich zu belehren.
til æra for den Høgaste Gud aleine,
til min neste, så han kan lære frå han.

Komposisjonsstil[endre | endre wikiteksten]

Koralpreludia i Orgelbüchlein deler fleire stilmessige likskapstrekk,[1] som kan kan kallast «Orgelbüchlein-stil koral:"

  • Koralmelodien, utsmykka til forskjellige grad, eller utan utsmykking, er i ei stemme (bortsett frå BWV 615, In dir ist Freude, der melodien er broten opp i tema og sprett mellom fleire stemmer).
  • Melodien er i sopranstemma (bortsett frå BWV 611, Christum, wir sollen loben schon, der han er i altstemma og dei kanoniske preludia BWV 600, 608, 618, 619, 620, 624, 629 og 633/634).
  • Stykka er skriven for firestemmers kontrapunkt, bortsett frå BWV 599, Nun komm, der Heiden Heiland, og BWV 619, Christe du Lamm Gottes, som er skriven for fem stemmer, samt BWV 639, Ich ruf' zu dir, Herr Jesu Christ, som er skriven for tre.
  • Stykka er nøyaktig like lange som koralmelodien, det er ingen introduksjonar eller avsluttingar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Koralpreludia i Orgelbüchlein passar inn i dei forskjellige årstidene i kyrkjeåret:

Advent:

  • BWV 599 — Nun komm, der Heiden Heiland
  • BWV 600 — Gott, durch deine Güte (eller Gottes Sohn ist kommen)
  • BWV 601 — Herr Christ, der einge Gottes-Sohn (eller Herr Gott, nun sei gepreiset)
  • BWV 602 — Lob sei dem allmächtigen Gott

Jul:

  • BWV 603 — Puer natus in Bethlehem
  • BWV 604 — Gelobet seist du, Jesu Christ
  • BWV 605 — Der Tag, der ist so freudenreich
  • BWV 606 — Vom Himmel hoch, da komm ich her
  • BWV 607 — Vom Himmel kam der Engel Schar
  • BWV 608 — In dulci jubilo
  • BWV 609 — Lobt Gott, ihr Christen, allzugleich
  • BWV 610 — Jesu, meine Freude
  • BWV 611 — Christum wir sollen loben schon
  • BWV 612 — Wir Christenleut

Nyttår:

  • BWV 613 — Helft mir Gotts Güte preisen
  • BWV 614 — Das alte Jahre vergangen ist
  • BWV 615 — In dir ist Freude

Kyndelsmesse:

  • BWV 616 — Mit Fried und Freud ich fahr dahin
  • BWV 617 — Herr Gott, nun schleuß den Himmel auf

Faste:

  • BWV 618 — O Lamm Gottes, unschuldig
  • BWV 619 — Christe, du Lamm Gottes
  • BWV 620 — Christus, der uns selig macht
  • BWV 621 — Da Jesus an dem Kreuze stund
  • BWV 622 — O Mensch, bewein dein Sünde groß
  • BWV 623 — Wir danken dir, Herr Jesu Christ
  • BWV 624 — Hilf, Gott, daß mir's gelinge
  • O Traurigkeit, o Herzeleid (fragment)

Påske:

  • BWV 625 — Christ lag in Todesbanden
  • BWV 626 — Jesus Christus, unser Heiland, der den Tod überwand
  • BWV 627 — Christ ist erstanden
  • BWV 628 — Erstanden ist der heil'ge Christ
  • BWV 629 — Erschienen ist der herrliche Tag
  • BWV 630 — Heut triumphieret Gottes Sohn

Pinse:

  • BWV 631 — Komm, Gott Schöpfer, Heiliger Geist
  • BWV 632 — Herr Jesu Christ, dich zu uns wend
  • BWV 634 — Liebster Jesu, wir sind hier
  • BWV 633 — Liebster Jesu, wir sind hier (distinctius)

Preludium basert på katekismesalmar:

  • BWV 635 — Dies sind die heil'gen zehn Gebot
  • BWV 636 — Vater unser im Himmelreich
  • BWV 637 — Durch Adams Fall ist ganz verderbt
  • BWV 638 — Es ist das Heil uns kommen her

Forskjellige:

  • BWV 639 — Ich ruf zu dir, Herr Jesu Christ
  • BWV 640 — In dich hab ich gehoffet, Herr
  • BWV 641 — Wenn wir in höchsten Nöten sein
  • BWV 642 — Wer nur den lieben Gott läßt walten
  • BWV 643 — Alle Menschen müssen sterben
  • BWV 644 — Ach wie nichtig, ach wie flüchtig

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Orgelbüchlein vart opphavleg gjeven frå lærar til student og ikkje publisert i sin heilskap før Felix Mendelssohn redigerte ei utgåve. Kjende utgåver er laga av Robert Clark og John David Peterson, Quentin Faulkner, Albert Riemenschneider og Albert Schweitzer.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bach: The Orgelbüchlein, av Russell Stinson, Schirmer Books, 1996. ISBN 0-02-8725050

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Williams, The Orgel Works of J.S. Bach, andre utgåve (Cambridge: Cambridge University Press, 2003), 236.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]