Advent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akolut i ein amerikansk anglikansk kyrke i Minnesota som tenner adventskransenjulaftan.
Foto: 2007
Adventsstjerner i vindauget er utbreidde i Skandinavia.
Foto: Anders Lagerås, 2006

Advent er ei kristen årstid som markerer førebuinga til juletida. Namnet kjem frå latin Adventus (Redemptoris), '(Frelsaren sitt) komme'. Første sundag i advent er første dag i kyrkjeåret.

Kristen tradisjon[endre | endre wikiteksten]

I ortodokse kyrkjer byrjar advent 15. november, og varar i 40 dagar. I andre kyrkjer byrjar advent på den sundagen som kjem nærast festen for St. Andreas (30. november), og varar fram til jul. Fjerde sundag i advent kan då falle på julekvelden.

Det er ikkje slått fast når kristne byrja å markere adventstida. Den første referansen ein har til at det er noko særskilt med tida før jul, kjem frå eit konsil i Saragossa i 380, der det settast forbod mot å vere fråverande frå kyrkja i dei tre vekene mellom 17. desember og Kristi openberringsdag (Epifani), 6. januar. Den første heilt sikre omtala er frå synoden i Lerida i 524. Advent vart då etablert som starten på kyrkjeåret.

Advent vart tidlegare markert som fastetid i alle kyrkjer, men dette er det ikkje lenger lik praksis på. I den katolske kyrkja er advent fortsatt ei faste- og botstid, men med mindre strenge reglar enn fastetida før påske. I ortodokse kyrkjer er det strengare, og advent kallast der ofte for vinterfasta. Protestantiske kyrkjer og den anglikanske kyrkja markerer i liten grad advent som faste- og botstid.

I kyrkjer som nyttar liturgiske farger er adventsfargen fiolett, som tradisjonelt er ein botsfarge. I den katolske kyrkja kallast tredje sundag i advent Domenica Gaudéte, 'Gled dykk-sundagen', og denne dagen kan rosa nyttast som liturgisk farge.

Tradisjonen med å markere adventstida med å tenne ljos på kvar av dei fire sundagane er gamal, men det er usikkert når skikken vart innført. Adventskransen har fire ljos (moderne adventsstakar har ofte fire ljos i ei rekke), der ein tennar eitt lyst på første sundag, to på andre søndag osb.

Verdsleg tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Heimelaga julekalender

Ein populær tradisjon for born er å telle ned dagane frå 1. desember og fram til julekvelden den 24. desember med ein adventskalender, òg kalla julekalender.

Skikken med adventskalender reknast å vera engelsk og tysk. I dei nordiske landa byrja ein hovudsakleg å lage slike etter andre verdskrigen. Utforminga er ofte ei plate av papp med utstansa luker, ei for kvar dag, der det skjuler seg små gåver eller godteri i rom attom lukene. Heimelaga variantar kan vera små pakker som heng på ein eller annan for for dekorert plate.

I radio og fjernsyn har det i nyare tid vore vanleg å lage programseriar som kallast for julekalender, med ein episode for kvar dag i advent.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]