Our House av Crosby, Stills, Nash & Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Our House
Singel av Crosby, Stills, Nash & Young
frå albumet Déjà Vu
Utgjeve 11. mars 1970
Innspelt 1969
Sjanger Folkrock, pop
Lengd 2:59
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Graham Nash
Produsent Crosby, Stills, Nash & Young
Crosby, Stills, Nash & Young-kronologi
«Ohio» Our House «Just a Song Before I Go»

«Our House» er ein song skriven av Graham Nash og spelt inn av Crosby, Stills, Nash & Young på albumet deira Déjà Vu i 1970. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 30. plass på den amerikanske singellista. Songen referer til det korte forholdet hans med Joni Mitchell på tida då Crosby, Stills Nash and Young spelte inn albumet Déjà Vu. Songen omhandlar ein komplisert moral der Nash kjempar mellom fri kjærleik frå hippie-tida og ønsket om eit monogamt forhold.

Songen er òg spelt av fleire andre artistar, som The Onyx, Phantom Planet, Sheena Easton og Sharon, Lois and Bram. Han vart òg nytta i ein reklamefil for Eckrich-pølse i 1980-åra og fleire fjernsynsseriar og filmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]